Meldingar om russisk missilangrep frå bombefly

Tidleg tysdag morgon melder det ukrainske luftforsvaret om pågåande missilangrep frå 16 strategiske Tu-95MS-bombefly. Rakettar skal mellom anna gå i retning Kyiv, Vinnytsia og Kharkiv. Luftforsvaret melder også at dei skal ha avverja 35 droneangrep natt til tysdag. President Vladimir Putin varsla måndag om at Russland vil intensivere angrepa mot Ukraina. Det skjer etter at Ukraina utførte eit luftangrep mot hamnebyen Fedosia på den russisk-okkuperte Krim-halvøya andre juledag. Eit russisk krigsskip på 3000 tonn blei treft i angrepet. Hendinga blir skildra som eit av dei største tapa for den russiske marinen sidan krigen braut ut. Russland svarte med å intensivere angrepa sine mot Ukraina. Ukraina svarte på same vis. Laurdag gjekk Ukraina til angrep mot den russiske byen Belgorod, som drap 25 og skada over 100 menneske, ifølge russiske tenestemenn. – Ingen brotsverk mot sivile vil gå ustraffa, det er sikkert, proklamerte den russiske presidenten eit par dagar etterpå.

Jan 2, 2024 - 09:30
 0