Maria Thorisdottir til fransk fotball

Maria Thorisdottir (32) går til fransk fotball og skal spele i toppdivisjonen for nyopprykte Marseille. Det melder klubben sjølv på X. Thorisdottir har vore utan klubb sidan førre sesong då ho ikkje fekk fornya kontrakt med Brighton i den engelske superligaen. Thorisdottir spelte i England frå 2017 då ho fyrst kom til Chelsea. Det blei det mellom anna to seriemeisterskap. Derifrå gjekk ferda vidare til Manchester United før Brighton blei siste stopp. (NTB)

Aug 18, 2025 - 16:00
 0