Mann knuste skulptur på utstillingsopning i Italia

Ein mann har knust ein skulptur av den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei under utstillingsopninga i Bologna i Italia, melder Reuters. Overvakingsbilete viser at ein mann dyttar skulpturen «Porcelain Cube» over ende, knuser han og held ein bit over hovudet. Kuratoren for utstillinga, Arturo Galansino, seier gjerningsmannen er velkjend i kunstverda. – Han har gjort fleire liknande handlingar dei siste åra ved ulike utstillingar og institusjonar i Firenze. Mannen skal ha blitt teken hand om av politiet etter at han blei stoppa av museumsvaktene.

Sep 21, 2024 - 20:00
 0