Leif Gunnar Smerud tar over trenarjobben i SK Brann Kvinner

Leif Gunnar Smerud blir etter alt å dømme arvtakaren til Martin Ho i løpet av dagen, bekrefter klubben. – Det er berre småting som gjenstår, og om alt klaffar i dag så trer han inn i stillinga med ein gong, opplyser medieansvarleg Mette Hammersland til NRK. Leif Gunnar Smerud landar på Bergen lufthamn i dag klokka ni. Smerud hadde eit kort opphald som hovudtrenar for kvinnelaget til Crystal Palace i engelsk toppfotball i vår. Tidlegare, frå 2014 til 2023 var han hovudtrenar for det norske U21-herrelandslaget. Stavanger-mannen fekk ein del mediemerksemd då han tredde inn som hovudtrenar for «Nødlandslaget» i Nations League i 2020.

Aug 1, 2025 - 11:00
 0