Landslagsløpar sendt til røntgen etter fall under Toppidrettsveka
Jan Thomas Jenssen må på røntgen etter at han datt før sprinten under Toppidrettsveka. – Eg skal til Orkanger og ta røntgen, så eg kjem ikkje til å starte, seier Jenssen til NRK. Landslagsløparen skulle eigentleg gått prolog, men datt i den eine svingen i sprintløypa. – Eg tok meg for med høgrearmen. Eg hadde «jækla til fart». Det var vondt med ein gong, seier Jenssen som har ein ispose på armen. – Eg tryna i ein av svingane nedi her. Vi har medvind nedi her. Og det er ikkje ein særleg artig sving å ta berre når ein er aleine, seier Jenssen og legg til: – Eg er veldig spent på når det skal bli sendt ut fem-seks herrar og damer her.
