Israel har starta omfattande bakkeinvasjon i nord og sør i Gaza

Israel har sett i gang ein omfattande bakkeinvasjon i både nordlege og sørlege delar av Gaza. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Det israelske forsvaret (IDF) skriv på X at dei har gjennomført angrep mot Hamas i Gaza som del av ein bakkoperasjon. Samstundes fordømmer statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) angrepet på Gaza natt til sundag 18. mai. – Noreg fordømmer Israels angrep mot Gaza i natt, der over hundre menneske er drepne, og blant dei mange barn, seier Støre til NTB. – Israel bruker liding og svolt som våpen mot befolkninga i Gaza. Vi får daglege utsegner frå den israelske regjeringa, som seier rett ut at dei forsvarer at befolkninga svelt og blir fordrivne. Dette er klart i strid med folkeretten. – Valden må stoppe, gislane må frigivast og nødhjelp må få sleppe inn. Den humanitære situasjonen på Gaza er katastrofal, seier han vidare.

May 18, 2025 - 16:00
 0