Ikkje medaljeseremoni for kombinert

Det blir ikkje delt ut medaljar for den blanda stafetten i kombinert under medaljeseremonien på torget i Trondheim fredag kveld. Det får NRK bekrefta frå arrangøren. Norge vann denne øvinga, men det tok svært lang tid frå avslutta konkurranse til blomsterseremoni – på grunn av usikkerheit om kven som vart nummer tre. FIS bekreftar også nyheita, og viser til omsynet til utøvarane sitt beste – på grunn av all ventinga. – Vi prioriterer utøvarane si restitusjonstid, skriv FIS i ei melding. Det blir derimot delt ut medaljar for hopp for kvinner, den første øvinga som vart avslutta fredag. Her kan ein sjå fredagens medaljeseremoni. Kombinertutøvarane får utdelt sine medaljar laurdag i staden.

Feb 28, 2025 - 20:00
 0