Fann omlag 3 meter lang slange på balkongen

Laurdag kveld fekk politiet i Bergen telefon frå ein person som fortalde at ho hadde ein stor slange på balkongen. Ho anslo slangen til å vere 3 meter lang. Det vart først vurdert om det kunne vere ein hoggorm eller buorm. Etter undersøkingar på staden og kontakt med Mattilsynet kom politiet fram til at det sannsynlegvis var ein Boa Constrictor, òg kalla Kongeboa. – Eg trur eg hadde «dauet» om eg såg den på min altan, seier politiinspektør ved Bergen Vest politistasjon, Monica Johannesen Mørk. Politiet fekk etterkvart kontakt med eigar av slangen, som budde i nærleiken. Slangen er lovleg i Noreg, med krav om papir. Politiet har ikkje oppretta straffesak.

Mar 18, 2024 - 12:30
 0