E6 stengt etter trafikkulukke i Stange
Ein trafikkulukke har ført til at E6 er stengt i sørgåande retning frå Kåterudkrysset i Stange i Innlandet. Ifølge politiet er det tåke og noko glatt på staden. Fleire bilar køyrte inn i kvarandre medan naudetatane jobba på staden,opplyser politiet. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar.
