Dette skal vere hovudpunkta i utkastet til gissel- og våpenkvileavtala for Gaza
Fase 1: 33 israelske gislar blir frigjorde. Det israelske forsvaret (IDF) trekker seg gradvis tilbake, men held ei sikkerheitssone rundt Gaza. Fangar med livstidsdommar blir lauslatne, unntatt dei som var med i angrepa 7. oktober 2023. Varer i 42 dagar, med noko IDF-nærvær i Philadelphi-korridoren, som er ei buffersone mellom Egypt og Gaza. Fase 2: Samtaler om fleire frigjevingar av gislane og vidare IDF-tilbaketrekking startar etter 16 dagar. Planar for sikker retur av palestinarar til Nord-Gaza blir sette i gang. Fase 3: Alle israelske gislar blir frigjorde. IDF trekkjer seg heilt tilbake når gislane er frie. Kjelde: Jerusalem Post
