Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren. Besvart: 28.05.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre
Helseføretaksmodellen vart innført i 2002 og har vore debattert og kritisert sidan starten. Spesialisthelsetenesta er vår største velferdsteneste. Ho sikrar pasientbehandling ved sjukdom og har ansvar for beredskap, utdanning av helsepersonell og akutt- og fødetilbod i heile landet.
For Senterpartiet er det sjølvsagt at ei så viktig velferdsteneste må vera styrt av folkevalde. Lokalsjukehus må utviklast, ikkje avviklast. Beredskapen må styrkjast og ikkje kuttast. Desentraliserte helsetenester er ein del av den norske samfunnsmodellen, der alle får dei same rettane til helsehjelp, og det er grunnlaget for tryggleik, busetnad og utjamning av sosiale helseforskjellar.
Arbeidarpartiet har hittil avvist å sikra folkevald styring av sjukehusa våre. Når føretaket planlegg nedlegging av ambulansetenesta i Troms, svarer statsråden at det er føretaket som skal sørgja for at befolkninga i regionen har ambulansetenester. Når jordmødrene på Ahus no varslar å seia opp, svarar vel statsråden på same måte.
Oslo får eit nytt sjukehus som Oslo ikkje vil ha, men som helseføretaket fekk dåverande helseministers tilslutning til i eit lukka føretaksmøte i 2016. Då Stortinget innvilga lånesøknaden i statsbudsjettet i 2020 på 29 mrd. kr til første byggjetrinn, var omtala i statsbudsjettet av Noregs største sjukehusinvestering nokon gong på tre A4-sider. Skal ein byggja veg i dette landet, vert det fremja eigne omfattande proposisjonar til Stortinget, men skal ein byggja sjukehus, vert prosessen styrt i og av helseføretaka, og Stortinget vert informert.
Vil Arbeidarpartiet opna opp for å avvikla den udemokratiske helseføretaksmodellen og sikra folkevald styring av sjukehusa våre?