Mette Frederiksen har snakka med Trump om Grønland
Onsdag hadde den danske statsminister Mette Frederiksen ein telefonsamtale med USAs påtroppande president Donald Trump. Det skriver statsministerens kontor. I samtalen skal Frederiksen ha understreka viktigheita av å styrkje tryggleiken i Arktis. Ho undertreka Grønlands sjølvstende og viste til den grønlandske statsministeren Múte B. Egedes, sine utsegner om at Grønland ikkje er til sals. Dei skal òg ha diskutert krigen i Ukraina, situasjonen i Midtausten og forholdet til Kina.
