Christian Michelsen er ferdig i Sarpsborg 08
Christian Michelsen er ferdig som hovudtrenar for eliteserielaget Sarpsborg 08 etter berre eit drygt år i jobben. Også assistent Joakim Klæboe er ferdig i klubben. Det opplyser klubben sjølv i ei pressemelding. Avskjeden kjem etter fire strake tap og seks kampar utan siger. Det skjer også dagen etter at dagleg leiar Raymond Fjeld opplyste til Sarpsborg Arbeiderblad at det ikkje var aktuelt å gjere endringar rundt laget. – Eg er stolt og audmjuk over å ha fått vere hovudtrenar for ein fantastisk klubb med fantastiske fans og gode støttespelarar. Eg har kost meg stort, men skulle gjerne sett dette vare lenger, seier Michelsen. – Dette er ein tung dag for alle partar. Nokon gonger står ein i vanskelege val, seier styreleiar Hans Petter Arnesen. Michelsen og Klæboe har leia Sarbsborg til cupfinale denne sesongen, men i serien har det lugga. Der ligg sarpingane på 11. plass med berre 22 poeng. (NTB)
