Buss har velta i Årdal – har berga fem folk ut
Klokka 10.03 melder brannvesenet om ein buss som har velta på Tyinosvegen i Årdal.
Det er fire passasjerar og ein bussjåfør i bussen.
– Alle har det etter forhalda greitt, og det er ikkje meldt om personskadar, opplyser Svein Erik Reistad i 110 Vest.
Bussen ligg med dørene ned og passasjerane treng assistanse for å kome seg ut. Brannvesenet vil truleg måtte klatre oppe og ta seg inn gjennom ei rute.
Arn Roger Haugland, nettsjef i Straumnett, var ute på feilretting av straumnettet då han kom til staden og fekk med seg bussvelten.
– Det var heldigvis roleg fart, og bussen sklei ut på sida og velta ned.
Haugland fekk deretter kontakt med bussjåføren og fekk bekrefta at alle var i god behald, medan dei venta på brannvesenet.
Klokka 11.17 melder politiet at alle har kome seg ut av bussen og verkar uskadde.