Andreplass til Forfang etter kjempehopp

Johann André Forfang vart nummer to i stor bakke i Willingen i Tyskland. Forfang hoppa heile 152 meter i 2. omgang. Berre Daniel Tschofenig frå Austerrike klarte å slå Forfang, som også låg på 2. plass etter 1. omgang. Dette var Forfang sin fjerde andreplass på dei fem siste renna i verdscupen. Ingen nordmann har vunne eit hopprenn i verdscupen for menn sidan 10. mars, då Forfang vann i Holmenkollen. Dette var det 19. rennet sidan den gong. Kristoffer Sundal og Halvor Egner Granerud vart høvesvis nummer seks og ni i Willingen søndag.

Feb 2, 2025 - 19:00
 0