Tidleg snusstart kan gi auka astmarisiko
I Noreg snusar om lag 16 prosent av befolkninga. Det er vanlegast blant unge menn, men tal frå Statistisk sentralbyrå viser at andelen unge kvinner som snusar av auka mykje det siste åra. Samtidig veit ein framleis ganske lite om korleis snusing påverkar helsa:
– Ein tenker gjerne at snus og e-sigaretter er betre for helsa enn sigarettar, men sanninga er at det veit vi ikkje, fordi det er det forska ganske lite på, seier stipendiat Juan Pablo López-Cervantes ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB.
I doktorgradsprosjektet sitt ser han nærare på helseeffektane av snusing – særleg om tidleg snusbruksstart, altså før 15 år, påverkar risikoen for å få astma og astmasymptom.
Jentene meir sårbare ved tidleg snusdebut
I ein stor, internasjonal studie har dei bede 9000 personar over 15 år oppgi kjønn, kor om dei røyker eller snusar, kor gamle dei var når dei starta å snuse og om dei opplever astmasymptom.
Deltakarane var frå dei nordiske landa og Estland, og dataa blei samla inn mellom 2013 og 2016.
Eksempel på astmasymptom kunne vere kortpustheit, kvesing, oppleving av å ikkje få puste og hoste, blant anna. Dei blei også spurde om dei opplever astmaanfall, eller bruker medisinar mot astma.
26 prosent av mennene og 14 prosent av kvinnene i studien starta å snuse før dei var 15 år:
– Kvinnene som starta før dei var 15 år gamle hadde nesten tre gonger så høg risiko for å oppleve astmasymptom samanlikna med dei som aldri har brukt snus, seier López–Cervantes.
Tendensen var ikkje like tydeleg hos menn.
Dessutan såg forskarane ingen samanheng med astmasymptom hos deltakarane om dei starta å snuse etter fylte 15 år.
Underbygger snuseffekten
For å undersøke om det faktisk er tidleg snusstart som gir auka risiko for astma, og ikkje røyking, gjorde dei også ein analyse der røykarane var ekskluderte frå studien.
Når ein berre inkluderte dei som snusa, hadde kvinnene som debuterte tidleg som snusbrukarar framleis tre gonger så høg risiko for å ha astma:
– Dette underbygger hypotesen vår om at det faktisk er nikotinen i snusen som påverkar lungehelsa, og ikkje røyken, seier stipendiaten.
Peikar på hormonelle årsaker
López-Cervantes er usikker på kvifor kvinnene blir ramma av den tidlege snusbruken, men ikkje mennene. Det kan vere fleire årsaker, men det er ikkje utenkeleg at nokon av dei er hormonelle:
– Vi veit at kvinner og menns biologi skil seg frå kvarandre. For eksempel kjem som regel kvinner tidlegare i puberteten, og dette kan vere med på å påverke utfallet, spekulerer stipendiaten.
Han legg til at forskarar i andre studiar har sett den same samanhengen for tidleg røykestart: Helseeffekten er større hos kvinner enn hos menn.
Uvisst om snus er betre enn røyk
Tala frå studien allereie er nesten ti år gamle, og andelen unge snusbrukarar sidan den gongen har auka mykje. Samtidig har det komme fleire og fleire snusprodukt på marknaden.
López-Cervantes meiner det er viktig at folk blir klare over den moglege negative helseeffekten ein utset seg sjølv for ved å bruke nikotinprodukt som snus.
– Vi må ikkje gløyme at då røyking først kom på marknaden, visste ein ikkje før mange år seinare så mykje om kva for nokre sterke negative helsekonsekvensar det hadde.
– Gitt det kunnskapsgrunnlaget vi har per i dag, kan vi ikkje slå fast at snusing er mindre helseskadeleg enn røyking, seier stipendiaten.
– Unge bør tenke seg om mange gonger før dei puttar noko slikt inn i munnen sin, understrekar han.
Du kan lese forskingsartikkelen her.