Unio om tvungen lønsnemnd: – Skuffa over regjeringa

4 months ago 24


– Me er skuffa over at regjeringa ikkje har vist nokon vilje til å koma oss i møte. Heile prosessen frå me byrja lønsforhandlingane, gjennom streiken og til no, har vore prega av at regjeringa ikkje har ønskt noko anna enn å pressa oss på plass, seier forhandlingsleiar Guro Lind i Unio stat.

I ei pressemelding skriv Unio at dei tek avgjerda til regjeringa til etterretning og at medlemmene deira vil vera tilbake på jobb så snart som mogleg.

Streik blant 10 operatørar i politiet si helikopterteneste og manglande grensekontroll er den direkte årsaka til at streiken no blir avbroten, forklarte Brenna under ein pressekonferanse.

3500 medlemmar var frå i dag av i streik. Fleire av dei var tilsette i politiet.

Publisert 05.06.2024, kl. 09.26

Read Entire Article