Ulike teoriar: Granskar årsaka til F-16-styrt i Ukraina

1 month ago 16


26. august styrta eit F-16-fly i Ukraina. Flyet var eitt av fleire som Ukraina har fått frå Nato-land i løpet av sommaren. Dette var den første flystyrten med eitt av desse flya.

Bak spakane sat 30 år gamle Oleksii Mes, ein erfaren flygar i det ukrainske luftforsvaret. Han omkom i styrten.

Tidlegare har Mes jobba som pilot på jagarfly av typen MIG-29. I sommar fekk han F-16-opplæring i Danmark, og var ein av dei første ukrainarane som kvalifiserte seg til å føre F-16-fly.

Fleire hundre menneske deltok då Mes blei gravlagd i heimbyen Shepetivka torsdag.

Mourners attend the farewell ceremony for Oleksiy Mes, a pilot of the Air Force of the Armed Forces of Ukraine, who had died in a crash on August 26, 2024

F-16-piloten Oleksii Mes blei gravlagd i den ukrainske byen Shepetivka torsdag.

Foto: HANDOUT / AFP

Kanskje pilotfeil

Ifølgje det ukrainske forsvaret deltok kampflyet i ein operasjon for å hindre eit omfattande russisk angrep mot fleire byar då kontrolltårnet mista kontakten med flyet.

Årsaka til flystyrten er enno ikkje kjend, men hendinga blir granska av ukrainske og amerikanske ekspertar.

Ein amerikansk tenestemann som vil vere anonym, seier til Wall Street Journal at ulukka truleg skuldast at piloten gjorde ein feil. Teknisk svikt har også vore nemnt som ei mogeleg årsak.

– Kan ha feilmanøvrert

Ole Jørgen Maaø er førsteamanuensis ved Luftkrigsskolen. Han trur at piloten kan ha gjort ei feilvurdering i ein situasjon der han følgde etter eit russisk kryssarmissil eller ein drone.

Førsteamanuensis Ole Jørgen Maaø ved Luftkrigsskolen

Ole Jørgen Maaø ved Luftkrigsskolen.

Foto: Luftkrigsskolen

– Han kan ha manøvrert slik at han mista kontrollen og flaug i bakken.

Men Maaø understrekar at dette berre blir gjetting.

Kjelder i det ukrainske forsvaret har avvist teorien om pilotfeil. No melder KyivPost at anonyme ukrainske militærkjelder hevdar flyet kan ha blitt treft av luftvernrakettar som Ukraina har fått frå USA eller andre vestlege land.

Dei viser blant anna til opplysningar radiostasjonen «The Voice of America» har fått. Også andre medium har meldt dette. Det skal vere ein av fleire teoriar, ifølgje kjeldene.

Two MiG-29 fighter jets fly to pay tribute to Oleksiy Mes.

To kampfly av typen MIG-29 flaug i låg høgde over Shepetivka under gravferda til F-16-piloten Oleksii Mes som omkom 26. august.

Foto: HANDOUT / AFP

Har fått Patriot-system

Etter den russiske invasjonen har fleire Nato-allierte land levert Patriot-system og -rakettar til Ukraina.

Patriot er luftvernrakettar som kan brukast mot fiendtlege fly og rakettar. Dei kan nå mål opptil 100 kilometer unna og opptil 30.000 meter over bakken.

Det ukrainske luftforsvaret har ikkje direkte avvist at F-16-flyet blei treft at Patriot-rakettar, men viser til at granskinga enno ikkje er ferdig.

Anonyme amerikanske kjelder i USA seier til New York Times at teorien er usannsynleg.

To F-16-fly i lufta

To F-16-fly i lufta på ukjend stad i Ukraina. På halefinnen ser ein det ukrainske våpenskjoldet.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters

Ole Jørgen Maaø er på same linje.

– Det kan ha skjedd, men det nok mindre sannsynleg. Piloten kan ha manøvrert inn i eit luftrom der Patriot-systemet var i bruk, og så blitt treft ved eit uhell. Men eg vil tru at ukrainarane ikkje har luftvernsystemet og F-16-flya i aktivitet i same område, eller på same tid, seier han.

Torsdag kunngjorde president Volodymyr Zelenskyj at han har avsett sjefen for flyvåpenet. Han sa ikkje om dette har direkte samanheng med flystyrten måndag.

Publisert 01.09.2024, kl. 23.00

Read Entire Article