På garden Nigard Vehus i Vinje har Hilda Vaa og Hans Martin Huse montert 103 solceller på taket av driftsbygningen for å produsere eigen straum.
Med ein app på mobilen kan dei følgje med på kor mykje solcellene produserer.
Denne dagen skin sola.
– Det er 30 kilowatt akkurat no, og 126 kilowatt totalt i dag, seier Hilda Vaa.
Paret kunne hatt fleire solcellepanel, men fekk ikkje lov av det lokale nettselskapet.
For nettet må ha kapasitet til å ta imot overskotet av straum på gode soldagar. Slik er det ikkje i dag.
Likevel er det kanskje slike anlegg Noreg må ha meir av, for å nå styresmaktene sitt mål om produksjon av solkraft.
Må produsere 15 gonger meir
Stortinget og Regjeringa er einige om eit mål om at Noreg skal produsere 8 terrawattimer solenergi innan 2030.
For å nå målet må utbygginga av solkraft auke kraftig, viser ei utgreiing frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
– I dag så er det under 0,5 TWh med installert effekt på solkraft. Skal du opp i eit mål på 8 TWh, så svarar det til ei utbygging som er 15 gonger større enn i dag, seier Maren Aschehoug Esmark, seksjonssjef i NVE.
Det er ei utfordring å nå dette målet gjennom store, bakkemonterte solkraftanlegg, seier ho.
Det er i hovudsak to grunnar til det:
- Det eine er nettkapasiteten. Solkraftanlegg produserer mykje kraft når det er sol og elles lite kraft. Då blir kapasiteten i straumnettet ei utfordring på dagar med mykje sol.
- Det andre er arealkonfliktar.
– Dei fleste søknadene vi har fått til no er i skogområde, og det inneber nedbygging av natur, seier Esmark.
Solceller på tak og fasadar
Løysinga er altså tak og fasadar, skriv NVE i si utgreiing.
Produksjon av straum til eige forbruk belastar straumnettet i mindre grad.
– Dette er område som allereie er nedbygd, og der finst det flater tilgjengeleg, seier Esmark.
Det er også utfordringar når det gjeld utbygging av slike solcelleanlegg.
Lønsemda er låg og det er høge kostnadar til investering.
– Derfor må det forskjellige typar økonomiske verkemiddel til for å nå målet, meiner Esmark.
Ho trekk fram verkemiddel som investeringsstøtte, skattefrådrag, gunstige låneløysingar og produksjonsstøtte.
Kva skal til for at du skaffar deg solceller på taket?
Har løyvde pengar i år
Energiminister Terje Aasland seier dette er viktige innspel som det må bli jobba vidare med. Han seier regjeringa er veldig opptatt av å lukkast med solkraft.
– Eg har trua på at vi skal få til ei betydeleg utbygging av solkraft i åra som kjem. Og at det er mogleg innanfor den bygningsmassen som eksisterer.
Aasland seier utfordringa er kapasiteten i nettet, og meiner det er ei påminning til nettselskapa om å bygge ut raskare.
Han seier regjeringa saman med SV har forsterka verkemidla til Enova for utbygging av solkraft i 2024, og har løyvd 800 millionar kroner.
– Men eg har også møtt mange næringsdrivande som ser dette som lønsamt utan støtte, fordi dei tenker langsiktig med tanke på å bli meir energiuavhengige.
Aasland meiner det er opp til næringsdrivande og private hushaldningar å sjå på om dei kan investere i solkraft og sørge for å bli meir energisjølvstendige.
Dekker mykje av behovet for straum
På garden Nigard Vehus i Vinje har dei investert 250.000 kroner av eiga lomme.
Paret har i tillegg fått støtte til delar av solcelleanlegget frå Innovasjon Noreg og Vinje kommune.
Hilda Vaa reknar med at solcellepanela vil stå for 20–30 prosent av årsforbruket av straum på garden.
– Vi håpar at det i alle fall kan dekke mykje av behovet vårt på sommaren, og at vi treng å kjøpe mindre straum frå kraftlaget.
Publisert 19.04.2024, kl. 16.27