Står bak «tidenes dyraste russeknute»: – Dæven, dette er det jo eg som har forårsaka

4 months ago 33


Russen er godt i gang med feiring over store delar av landet.

Kvart år blir det lagd saker om årets russeknutar. Og det er lett å kritisere alle påfunna til russen.

Men det skal mykje til for å slå det som skjedde i Trondheim for 30 år sidan.

Det skal ha kosta handelsstanden opp mot 15 millionar kroner.

Fisketur i kumlokk

I Trondheim gjekk ein russeknute i 1994 ut på å fiske i eit kumlokk.

illustrasjon av fiskestang med en fisk på kroken

Og dette ville russen Tormod Skrogstad prøve seg på, på veg heim frå eit nachspiel.

– Eg ønska å effektivisere den prosessen litt, så eg tenkte at eg skulle røyke ut fisken.

Natt til 13. mai 1994 stod Tormod ved eit kumlokk øvst i Nordre gate i Midtbyen i Trondheim.

– Eg tente på noko avispapir og kasta det oppi kummen.

Då russeknuten var gjennomført skulle han og kameratane heim for å sove nokre timar.

– Etter at me hadde heldt på og kødda så sat me på lokket.

Og så tenkte ikkje Tormod noko meir på det.

Evakuerte heile Midtbyen

Litt utpå føremiddagen kjem det røyk opp frå fleire kumlokk i Trondheim sentrum. Samstundes slappar Tormod og venene av i ein park for å kome seg til hektene etter nattas fest.

– Eg vaknar av at utrykkinga skjer. Massiv utrykking av ambulanse, brann og politi over Elgeseter bru.

Store delar av Midtbyen blei evakuert og butikkane måtte stenge på grunn av ein gasslekkasje. Fleire blei sendt til sjukehus.

– Eg hugsar veldig godt at eg tenkte «stakkar dei som har forårsaka dette styret». For det var ganske massivt den gongen.

Tormod Skrogstad som russ i 1994. Han har russedress, hvit frakk og rød russelue.

– Alle som kjenner meg veit at det var eg som stod bak. Det har blitt ei utbreidd nachspielhistorie. Eg har vore på nachspiel og høyrd andre ta på seg æra for det.

Tormod Skrogstad

Frå å bli kalla "kloakk-kongen" etter russeknuten i 1994 jobbar Tormod i dag som investor.

Sivilforsvaret sitt alarmanlegg blei nytta for første gong i fredstid. Det varsla folk om å halde seg unna sentrum og lytte til radioen.

– Opphavleg er dette meint for krigssituasjonar, men me har dei siste åra sagt at me også kan bruke sireneanlegga i fredstid når det er naudsynt å varsle folk.

Det sa Bjørn Gran i direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap etter hendinga. Dei var redd for eksplosjonsfare og at folk skulle få i seg gassen.

– Eg hadde ikkje peiling på at noko sånt kunne skje frå det vesle me gjorde, seier Tormod.

Men det gjorde det.

Det brennande avispapiret Tormod kasta nedi kummen sett fyr på ein glasfiberduk som ligg rundt kloakkledningen.

Sjå Dagsrevyen frå 13. mai 1994 her.

– Dæven, dette har eg forårsaka

Politiet fekk fort inn tips om at det var russ som stod bak gasslekkasjen i Trondheim.

Ein av meldingane som kom til oss seier at det kan vere russ.

Det fortalde politimeister i Trondheim, Per Martin Marum, på Dagsrevyen 13. mai 1994.

Same beskjed fekk Tormod då han kom fram til sperringane i Trondheim sentrum og møtte politiet.

Russetoget på 17. mai i Trondheim 1994. Tormod Skrogstad holder en fane med "Kloakkongen 15 mill i studielån". Folk i bunad står rundt russen.

Tormod har eit klart råd til årets russ: – Ikkje oppsøk noko bøll og fanteri, men kos seg og nyt. Så lenge ein ikkje ønsker å gjere noko faenskap, så går det jo bra.

Foto: privat

Politiet sa at det mest sannsynleg var russ som hadde heldt på med ei russeknute ved kumlokket øvst i nordre gate.

– Då sokk det inn: «Dæven, dette er det jo eg som har forårsaka.»

Tormod visste at opp mot 20 personar var innlagde på sjukehuset for mogeleg forgifting.

– Eg blei nomen. Det er ikkje så mykje som søkk inn med ein gong, legg Tormod til.

Men heldigvis gjekk det bra med alle.

– Målingane som er gjort no i ettermiddag seier det er ingen eksplosjonsfare og det har heller ikkje vore det, sa politimeisteren den gongen.

For Tormod blei det derimot avhøyr og bot.

– Eg blei ringt opp 16. mai, tre dagar etterpå. Eg blei kalla inn på avhøyr og etter mykje om og men blei det 1000 kroner i forenkla førelegg.

Kloakkum i Trondheim. Noen løfter kumlokket med et kujern.

Det var i denne kloakkummen Tormod kastet ned et brennande avispapir. Skjermbilete er frå Dagsrevyen 13. mai 1994.

Foto: NRK

Publisert 13.05.2024, kl. 08.45

Read Entire Article