Regjeringa og samferdselsministeren har fleire gongar uttalt om veg og vegutbygging at det viktigaste er «å ta vare på det vi har, og bygge nytt når vi må». I regjeringa sitt framlegg til NTP vil vegvedlikehaldet vere på dagens nivå etter 12 år i planen. For fylkesvegane skulle regjeringa auke satsinga med 1 mrd. kroner pr. år, fasiten for 2025 vart 300 mill. kroner. Kan statsråden forklare kvifor regjeringa ikkje prioriterer å ta vare på det vi har, og sørger for at vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegar blir redusert?

Datert: 20.11.2024
Besvart: 27.11.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Regjeringa og samferdselsministeren har fleire gongar uttalt om veg og vegutbygging at det viktigaste er «å ta vare på det vi har, og bygge nytt når vi må». I regjeringa sitt framlegg til NTP vil vegvedlikehaldet vere på dagens nivå etter 12 år i planen. For fylkesvegane skulle regjeringa auke satsinga med 1 mrd. kroner pr. år, fasiten for 2025 vart 300 mill. kroner.
Kan statsråden forklare kvifor regjeringa ikkje prioriterer å ta vare på det vi har, og sørger for at vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegar blir redusert?