Søstrene skal begge ha blitt valdtatt av Arne Bye – i dag møtte dei saman i retten

2 hours ago 3


Det seier ei kvinne om at både ho og søstera er fornærma i rettssaka mot Arne Bye.

– Det gjer det trygt på eit vis, seier søstrene om at dei begge to er fornærma.

Den første veka i rettssaka sat dei saman og høyrde på forklaringa til Arne Bye og i dag var dei tilbake i retten og gjev si forklaring.

Bye erkjenner valdtekt mot ei av søstrene

Begge søstrene har blitt filma under gynekologisk undersøking hos Arne Bye.

Men det er berre ho første av dei to søstrene som blei filma under undersøkinga som Bye er tiltalt for å ha valdtatt ho under.

Etter at det har blitt vist video frå denne gynekologiske undersøkinga der Bye smør underlivet til kvinna med krem, erkjenner han å ha valdtatt kvinna.

Etter ei førebels vurdering, så vel eg å erkjenne.

Bye erkjenner både å ha valdtatt kvinna og å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang overfor ho.

Me har fått presentert ein video der det verkar som at det ut av det blå, plutseleg blir gjennomført ei smørjing. Der eg utan noko forhistorie går i eit skap og hentar ein salve eller krem og begynner å smørje, seier Bye.

Ei av søstrene har ikkje vore til gynekologisk undersøking etter saka mot Arne Bye blei kjent.

Eg syntest det er fælt, men eg veit at det er viktig så eg må gjere det ein dag, seier ho i retten.

– Når det ikkje er film, erkjenner han ikkje

Bye erkjenner verken å ha valdtatt eller misbrukt stillinga si overfor den andre søstera som forklarar seg i retten. Ho var også til gynekologisk undersøking hos Bye for underlivsproblematikk, men denne timen finst det ikkje videobevis av.

Når det ikkje er film av meg, kan han lett seier at han ikkje erkjenner, seier den andre søstera like etter at ho er ferdig i retten.

For det er jo me som skal vitne som er pålagde å snakke sant. Men han treng ikkje å gjere det, legg ho til.

Forsvararane til Arne Bye ønsker ikkje å kommentere påstanden til kvinna om at når ei undersøking ikkje er filma, så erkjenner ikkje Bye å ha gjort noko gale.

Hos legen fekk ho beskjed av Bye at det var noko som måtte masserast ut i underlivet.

Han masserte underlivet og klitoris, seier ho i retten.

Bye skal ifølge kvinna ha sagt at der kunne bli veldig ubehageleg og vondt i underlivet viss han ikkje masserte.

Han sa at eg då kanskje måtte sendast til sjukehuset. Så det måtte berre gjerast. Fokuset er på at eg skal bli ferdig så fort som mogeleg og kikkar i taket.

Bye seier at han ikkje kjenner seg igjen i det kvinna har fortald.

– Kva tankar gjer du deg om det ho beskriv at har skjedd? spør aktor Rikhard Haugen Lyng.

– Det har eg ikkje noko kommentar til, utover at eg ikkje på noko måte kjenner meg igjen i det, svarar Bye.

– Som å gå inn i eit filmstudio

Ho første av dei to søstrene som forklarte seg i retten torsdag seier at ho vart sint då ho fann ut at Bye hadde filma ho og andre pasientar.

– Han har misbrukt Frosta og tilliten. Det er heilt respektlaust. Ein blir frustrert og lei seg. Eg er sjeldan sint, men eg kjenner på sinnet, altså.

Sjølv om ho ikkje var klar over at han filma den gongen, beskriv ho i dag undersøkingsrommet som eit filmstudio.

Det er tragisk. Det er som å gå inn i eit filmstudio med opne kamera. Kven gjer det? Kven gjer det utpå Frosta?

En skisse av legekontoret og tilhørende undersøkelsesrom i Frosta kommune. Den tiltalte legen har tegnet inn kryss hvor han hadde plassert kamera inne på begge rommene. Det er tre kryss på kontoret og to kryss på undersøkelsesrommet (GU-rommet).

I eit avhøyr teikna Arne Bye kvar han plasserte kamera (illustrert med kryss) på legekontoret og det tilhøyrande undersøkingsrommet på Frosta.

Foto: politiet

Tidleg i rettssaka sa Bye at han filma med opptil tolv kamera under gynekologiske undersøkingar.

Kvinna seier i retten at ho er usikker på om tiltalte har samvit til å kjenne på det han har gjort.

Korleis kan han komme til bygda og berre gjere dette? Eg håpar han har forståing for kva han har gjort med oss. Men om han har samvit til å kjenne på det, det veit eg ikkje.

Etter at ho har høyrt Bye si forklaring seier ho første søstera det same – at ho ikkje trur han har dårleg samvit.

Viss ikkje hadde han ikkje gjort det han har gjort, seier ho etter å ha høyrd Bye si forklaring.

Bilde tatt på undersøkelsesrommet på Frosta legekontor.

Slik stod eit av kameraa plassert, retta mot gynekologstolen.

Foto: Bildet hentet fra ett av Arne Bye sine kameraer / Frigitt av politiet

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 12.12.2024, kl. 16.24

Read Entire Article