– Det er som natt og dag å sleppa leksene, seier Vårin Lie, som er mor til tre gutar på ti, åtte og sju år.
Møtet med lekser var brutalt då eldstesonen byrja i 1. klasse.
– Han gøymde seg under bord, og det var hyling og skriking. Det var heilt forferdeleg og veldig vondt. No er det heldigvis slutt på krangling og kjefting rundt lekser.
Ti år gamle Åsmund har ADHD. Broren Oskar på åtte er under utgreiing for same diagnose.
– Dei er slitne når dei kjem heim. Og dei skal få lov til å kunna setta seg ned og eta og fortelja om kva dei har gjort på skulen.
Foreldra får lekser
Sagvåg skule på Stord er ein leksebevisst skule.
Her gir dei leksene til foreldra, og ikkje elevane. Foreldra kan få i oppgåve å lesa for ungane, spør dei om kva dei har lært eller gjera praktiske oppgåver saman.
Elevane sjølve har ikkje heimelekser, men skuledagen deira er utvida med 20 minutt.
Dette er tid dei bruker på det som før var lekser. Men på skulen er det læraren og ikkje ein føresett som hjelper.
– Det er positivt at dei som gir leksene, faktisk er til stades når leksene blir gjort, seier rektor Lars Bakka.
– Dei minste ungane kan koma kvart på sju og bli henta kvart over fire på skulen. Det er vel ikkje mange arbeidstakarar som berre drøymer om å få fortsetta jobben når dei kjem heim etter ein så lang dag.
– Motiverte elevar
Lærarane omfamnar også ordninga. Før hadde dei også undervisning med elevane i matpausen. No er det fagarbeidarar som et med elevane, og tida til lærarane blir brukt til arbeid med lekser.
– Eg merkar at elevane er motiverte for å gjera leksene, seier Ingelin Ida Marie Petterteig, som er tillitsvalt for lærarane for Utdanningsforbundet.
– Det vil også utjamna sosiale skilnader. Her får alle elevar uansett same gode hjelpa av lærarane som har gått gjennom fagstoffet og som har utdanninga nettopp for å gjera det.
Ni av ti skular gir lekser
Lekser eller ikkje lekser? Dette er et tilbakevendande tema i debatten om norsk skule.
Lova legg ingen føringar. Skulane kan gi lekser, men dei må ikkje.
Likevel gir ni av ti grunnskular lekser, viser ei undersøking Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) har gjort på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
Rundt halvparten av skulane har laga vedtak for omfanget av leksene.
Vil ha vekk heimeleksene
Eit prosjekt i Trondheim fekk forskar Per Egil Mjaavatn ved NTNU til å endra meining om lekser. Han var tilhengar av lekser. Det er han ikkje no.
Fire skular testa ulike ordningar med leksefri i 2019/2020.
To av tre elevar ved desse skulane sa at dei krangla mindre med dei vaksne heime utan lekser, er blant funna i ein rapport som har evaluert forsøket.
– Nesten alle elevane seier at dei blir demotiverte. Lekser gjer dei lite glade i å gå på skule, seier Mjaavatn, som er blant forfattarane av rapporten.
Forsking på effekten av lekser spriker i alle retningar, men for dei minste elevane er det semje om at lekser ikkje har effekt, ifølgje Mjaavatn.
– Eg trur veldig få skular har ein bevisst leksepolitikk. Det er gamal vane som ligg til grunn. Og eg meiner at tradisjonelle heimelekser bør fjernast. I alle fall i barneskulen.
Mjaavatn presiserer at det fungerer best med ordningar der elevar har lekser på skulen under pedagogisk leiing. Som på Sagvåg skule, som han meiner har funne ei fornuftig ordning.
I 2022 blei Moss den første leksefrie kommunen i landet. Frå i haust har dei endra ordninga til «leksebevisst», og har opna for at skulane kan gi lekser igjen.
Utdanningsforbundet stoler på skulane
Utdanningsforbundet tek ikkje stilling til om lekser er bra eller ikkje.
– Me trur at dei aller fleste skulane har ein god og reflektert praksis i bruk av lekser, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll.
– Heimelekser er ein del av den pedagogiske verktøykassa og skal støtta opp under læringa. Leksene må ligga på eit nivå som gjer at eleven meistrar oppgåvene utan hjelp, og dei bør tilpassast kvardagen til elevane, meiner han.
Bør elevar i barneskulen ha heimelekser?
Heime hos familien i Sagvåg, gjer sju år gamle Olav seg klar til å gå på handballtrening.
Han har høyrt mamma Vårin lesa leksa si for han, og har ingen oppgåver som ventar etter trening.
Ho jobbar halve veka i Stavanger, og set pris på å sleppa kampen om leksene når ho har tid heime saman med sønene.
– Kvardagen vår er betre og kjekkare fordi skulen har klart å tenka nytt og laga denne ordninga.
Publisert 29.08.2024, kl. 13.34