Signerer sikkerheitspakt for Nordsjøen: – Saman er me sterkare

5 months ago 39


Noreg har ilag med Tyskland, Belgia, Nederland, Storbritannia og Danmark underteikna den såkalla Nordsjøsikkerheitspakta.

Landa vil investere millionbeløp og samarbeide om å sikre energi- og teleinfrastrukturen i og rundt Nordsjøen.

Det kjem fram i ei felles pressemelding frå dei seks landa.

Nord Stream 2

Eit skip gjer arbeid på Nord Stream 2-leidningen i 2018. Infrastruktur som gassleidningar skal vernast i den nye sikkerheitspakta.

Foto: Bernd Wuestneck / AP

– Me har ei fellesinteresse med naboane våre i Nordsjøen om å verne den kritiske infrastrukturen vår, seier energiminister Terje Aasland.

Han seier at samarbeidet er eit bevis på den delte interessa til landa.

Dette skal dei samarbeide om

Nordsjølanda er einige om å samordne sikkerheitstiltaka og overvakinga av infrastrukturen i Nordsjøen, kjem det fram i sikkerheitspakta.

I dette inngår mellom anna å installere auka kameraovervaking og å etablere akustiske skjold som kan fange opp framand aktivitet i nærleiken av installasjonane i Nordsjøen.

Tysk havvindpark

Foto: Enbridge / Reuters

Foto: Enbridge / Reuters

Landa er òg samde om å sette i verk raske tiltak ilag, dersom mistenkelege hendingar vert avdekka.

Bygging av ladeplassar for dronar ved installasjonane er også i planane.

Dette skal skje i tett samarbeid med NATO og EU, heiter det i pressemeldinga.

Investerer millionbeløp

Belgia vil investere ein million euro, om lag 11 millionar norske kroner, i ein sikker kommunikasjonsplattform som skal hjelpe landa å samarbeide.

Plattforma har fått namnet North Seal.

Via North Seal skal dei seks landa kunne utveksle informasjon om mistenkelege hendingar som kan påverka sikkerheita til infrastrukturen i Nordsjøen, som til dømes gassleidningar.

Kor mykje Noreg og dei andre fire landa har tenkt å investere er enno ikkje kjend.

Reell trugsel

Europa er avhengig av gass- og straumkablar i Nordsjøen for å ha nok energi. Tele- og datakablar er også avgjerande for kommunikasjonen mellom landa rundt Nordsjøbassenget.

Sabotasjeaksjonane mot Nord Stream gassrøyrleidningane i Austersjøen hausten 2022 retta for alvor merksemda mot sikkerheita i Nordsjøbassenget.

Nordsjøministeren i Belgia, Paul Van Tigchelt, seier i pressemeldinga at sabotasje mot infrastrukturen i Nordsjøen er ei reell trugsel som har auka dei siste månadane.

 Høsten 2021 kunne Norge sende strøm over Nordsjøen til Storbritannia for første gang.

Overvakinga av infrastrukturen i Nordsjøen skal sikrast ifølge den nye sikkerheitspakta. Via North Sea Link kunne Noreg sende straum til Storbritannia for første gong i 2021.

Foto: STATNETT

Energiminister Terje Aasland meiner pakta er avgjerande for energisikkerheita og sikkerheita til dei som arbeider i Nordsjøen.

– Saman er me sterkare, seier han.

Publisert 09.04.2024, kl. 04.00 Oppdatert 09.04.2024, kl. 04.34

Read Entire Article