Nemnda som som skal behandle saka møtest i dag på Nord universitet i Bodø.
Helseminister Ingvild Kjerkol i Arbeidarpartiet er ein av fleire tusen studentar som sidan 2002 har tatt ein erfaringsbasert mastergrad ved Nord universitet i 2021.
I januar blei ho anklaga for å ha kopiert si masteroppgåve.
Det var etter at folk i sosiale medium og undersøkingar frå fleire aviser har avdekka fleire titals tekstlikheiter i hennar masteroppgåve om helseleiing, som ho leverte ved Nord universitet i 2021.
I dag, tre månadar seinare, startar behandlinga av saka.
Kjerkol har tatt til orde for at ho vil offentleggjere resultatet av nemndbehandlinga når ho er klar.
Nemnda møtast klokka 09
Nemnda som møtast i dag skal behandle ni saker etter det NRK kjenner til. Ei av dei er Ingvild Kjerkol og hennar medstudent si oppgåve ved Nord universitet i 2021.
Etter at nemnda har tatt sine konklusjonar så skal det skrivast ein protokoll som seinare skal sendast ut til studentane og deira advokatar som får sine saker behandla i dag.
Nemnda har tausheitsplikt på denne typen saker.
– Pressenemnda har funne det fornuftig å gi ei kort orientering om det eg har moglegheit til å seie, utan å bryte med tausheitsplikta og utan å gjere behandlinga av denne saka offentleg, seier nemndleiar Eilif Nordahl like over halv ni i dag.
Publisert 10.04.2024, kl. 08.24 Oppdatert 10.04.2024, kl. 08.33