I eit utsegn frå det russiske forsvarsdepartementet måndag, heiter det:
– Øvinga har som mål å sørgje for tryggleiken til Russland etter provoserande utsegn frå vestlege representantar.
Øvinga skal omfatte både marinen og styrkar som har base i nærleiken av Ukraina. Det er så langt ikkje kjent når ho skal finne stad.
– Forsøk på avskrekking
Tom Røseth, førsteamanuensis ved Stabskulen i Forsvaret, meiner det Russland gjer, fyrst og fremst er strategisk kommunikasjon.
– Dette er eit forsøk på avskrekking, noko Russland har gjort fleire gongar sidan fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022.
Røseth meiner at landet forsøker å gje beskjed til Nato og presidenten i Frankrike, Emmanuel Macron om at dei har store kapasitetar.
Macron har tidlegare sagt at Frankrike ikkje utelukkar at vestlege soldatar kan bli sende til Ukraina.
Russland-forskaren meiner Russland òg vil gje ein beskjed til Kina og Kinas president Xi Peng, som er på besøk i Frankrike.
– Eit av områda Kina og Russland er usamde om er truslane om atomvåpen.
Å informere om ei slik øving no, medan Xi Peng er i Frankrike sender signal til Kina òg.
Meiner det er irrasjonelt
Hovudlæraren i etterretning, meiner Russland eigentleg ikkje har grunn til å nytte atomvåpen.
– Det å nytte atomvåpen vil vere irrasjonelt med på ønsket om å okkupere Ukraina.
Vidare seier Røseth at det heller ikkje er i Russland si interesse å nytte slike våpen.
– Doktrinen for melding av kjernevåpen er ganske sett. Den russiske staten må vere betydeleg trua, det kan ein ikkje sjå skjer i Ukraina.
Han legg til at bruk av atomvåpen òg vil føre til sterke internasjonale reaksjonar.
– Ikkje fyrste gong
Johan Norberg ved Total Totalförsvarets forskingsinstitutt (FOI) i Sverige, seier til NTB at det ikkje er fyrste gong Russland har ei slik øving.
– Basert på informasjonen vi har no, trur eg ikkje det kjem til å smelle ein atombombe.
Norberg meiner at øvinga bør sjåast i samanheng med den store hjelpepakka USA nyleg godkjende.
Russland har hatt atomøvingar tidlegare – òg før krigen i Ukraina.
– Men det er ikkje nytt at Russland truger omverda, seier han til NTB.
Han seier at vi bør halde eit auge med om Russland flytter stridshovud frå lager.
Publisert 06.05.2024, kl. 14.36 Oppdatert 06.05.2024, kl. 14.48