Natt til laurdag blei ein russebuss i Ålesund stoppa ei patrulje frå politiet. Bussen blei stoppa i området Moa.
Då viste det seg at bussen hadde langt fleire passasjerar enn den skulle.
Bussen var berre registrert for 30 personar, men politiet talde i overkant 70 personar om bord under køyring, melder politiet i Møre og Romsdal. Politiet seier at dei ser alvorleg på saka.
– Det er svært uansvarleg av sjåføren å ha tillat dette. Det er jo ikkje sitteplassar til alle som var om bord så mange har stått i bussen under køyring og vore usikra, seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
– Dersom det hadde blitt ein bråstopp så seier det seg sjølv at dei om bord i bussen kunne ha blitt alvorleg skadd, legg han til.
Fekk førarkortet beslaglagt
Føraren av russebussen er meldt til politiet. Førarkortet blei også beslaglagt.
– Det blir oppretta ei straffesak mot sjåføren av bussen. Det vil også bli tatt avhøyr av vedkomande etter kvart.
Publisert 27.04.2024, kl. 07.46 Oppdatert 27.04.2024, kl. 08.24