Rapport om borgar­krigen i Sudan: Filmar massedrap og tortur

3 months ago 34


Borgarkrigen i Sudan har rasa sidan april i fjor og påført millionar av menneske enorme lidingar.

HRW-rapporten, som kom ut torsdag morgon, viser at soldatar i hærane som krigar mot kvarandre, har mishandla og avretta krigsfangar, og lemlesta dei døde kroppane deira.

Soldatane har filma seg sjølve medan dei gjer dette.

– Gjerningsmennene kjenner seg immune mot straff, seier Rabin Taylor, ein av forskarane bak rapporten, til NRK.

HRW meiner at det som hærane gjer i Sudan, er krigsbrotsverk.

Mindreårige mishandla på film

Taylor er ein av fleire forskarar som arbeider i avdelinga for krise, konflikt og våpen i HRW. Avdelinga arbeider med å dokumentere menneskerettsbrot i konfliktar.

Forskarane har verifisert og analysert meir enn 20 slike videoar som er blitt delte på sosiale medium i løpet av det siste året.

  • Åtte videoar og eitt bilete viser fire ulike avrettingar av minst 40 menneske. Fleire av dei er masseavrettingar.
  • Fire videoar viser tortur og mishandling av totalt 18 krigsfangar, der nokre av dei framstår som såra.
  • Ni videoar viser lemlesting av minst åtte døde kroppar

Ein av videoane viser fleire godt vaksne, væpna menn frå regjeringshæren beordre tre unge menn ned på bakken.

Desse unge mennene, som HRW meiner kan vere mindreårige, er kledde i sivilt og får kvite tøystykke knytt over auga. Så blir dei skotne fleire gonger.

Video som er analysert av Human Rights Watch.

Ein annan video viser medlemmar av RSF som tvingar fangar til å krype på knea på ein grusveg, med hendene bundne på ryggen. Soldatane kallar fangane for «hundar» og slår dei på ryggen med ein stokk.

I alle videoane ser fangane ut til å vere uvæpna og ute av stand til å utgjere nokon trugsel mot dei som held dei fanga, ifølge Taylor.

NRK har ikkje gjennomført ei uavhengig verifisering av desse videoane.

Skjer over heile landet

– Det som verkeleg står fram for meg, er volumet av videoar av avrettingar og tortur som eksisterer der ute, seier Taylor.

Han trur at gjerningsmennene kjenner seg trygge på at dei aldri kjem til å hamne i nokon rettssal.

No oppmodar HRW partane om å la FN sin faktasøkande misjon i Sudan få behandle handlingane som krigsbrotsverk.

Robin Taylor, forskar i Human Rights Watch.

Robin Taylor er forskar i Human Rights Watch. Han er ein av dei som har sett gjennom, verifisert og analysert videoane som viser RSF og regjeringshæren mishandle og henrette fangar.

Foto: HRW / sebastian andrea wirsching

Avrettingar utan rettargang, såkalla summariske avrettingar, er ulovleg ifølge folkeretten. Det same gjeld mishandling og tortur av fangar.

Hendingane har skjedd i Darfur, Vest-Kordofan, Omdurman og Khartoum, altså spreidd over heile Sudan.

Terroriserer med seksuell vald

Ifølge FN bruker hærane svolt, tørste og seksuell vald for å terrorisere folket i Sudan.

I tillegg er fleire hundre tilfelle av kolera registrert i landet dei siste vekene, etter at kraftig regn spreidde smitte i drikkevatnet, ifølge den sudanske helseministeren Haitham Mohamed Ibrahim.

Ei gate i byen Omdurman er øydelagd etter halvanna år med borgarkrig. Innbyggarane er beleira i heimane sine, fanga mellom paramilitære RSF og regjeringshæren.

Gatene i byen Omdurman er herja. Her er innbyggarane fanga i krysselden mellom RSF og regjeringshæren.

Foto: Staff / Reuters

Lastebilar med naudhjelp står klare ved landegrensene, men slepp ikkje inn av hærane. I tillegg slår hærane aktivt ned på naudhjelp som blir organisert av lokale inne i landet.

I august har fleire land sete i forhandlingar om ei våpenkvileavtale mellom dei to hærane, som har blitt arrangert i Sveits. Der møtte ikkje regjeringshæren opp.

Likevel lova dei to partane å opprette passasjar for naudhjelp inn i landet.

– Denne krigen er så grufull og utmattande at ein ser på dette verkeleg vesle framskrittet som eit slags håp, sa Sudan-forskar Liv Tønnessen ved Christian Michelsens institutt om nyheita.

Publisert 29.08.2024, kl. 21.17

Read Entire Article