I ein video publisert av Dansk Folkeparti ønskjer statsminister Mette Frederiksen velkommen til pressemøte.
– Vi avskaffar pinsa. Vi avskaffar påska. Og vi avskaffar jula. (...) Frå neste år vil Danmark vere fritt for helgedagar.
Derimot skal muslimske id al-fitr vere den einaste fridagen som består, seier ho.
Men videoen er ikkje ekte. Den er generert ved hjelp av kunstig intelligens, av eit parti som står langt unna Frederiksen sitt.
Forsvarer videoen
Videoen er også merka med at den er laga av kunstig intelligens, men reaksjonane har ikkje latt vente på seg.
I kommentarfeltet på X meiner fleire at det ikkje er godt nok merka at videoen er falsk.
Morten Messerschmidt i Dansk folkeparti meiner derimot at det ikkje er mogleg å ta feil av.
– Det er jo ikkje nokon som kan vere i tvil om at videoen er satire, og at det er ein deepfake, seier han til Politiken.
Ifølgje avisa sende han sjølv bekymringsmelding til statsministeren i 2020, etter å ha blitt misbrukt i «deepfakes».
– Dette er skummelt. Når vi ikkje lenger veit at om ein video er sann, kan vi ikkje stole på eigne auge.
Det seier Morten Goodwin, professor i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder.
Han meiner likevel denne videoen i seg sjølv ikkje er farleg, sjølv om logoen kunne vore tydelegare.
– Det var meir morosamt. Dei var opne på at det var brukt kunstig intelligens.
– Er det verre at folk med så mykje makt brukar kunstig intelligens på denne måten?
– Nei, det er nok verre dersom folk med vonde hensikter bruker dette – som terrorgrupper.
Er videoen godt nok merka med kunstig intelligens?
Kan truge demokratiet
I januar spreidde falske nakenbilde av Taylor Swift seg som eld i tørt gras. Då sa ekspertane at 2024 kom til å bli «året for deepfakes».
– Eg trur Taylor Swift-eksempelet berre er starten på noko mykje større, sa Goodwin då.
Christiane Vejlø er digital trend-analytikar, direktør i Elektronista Media og forfattar. Ho seier til den danske rikskringkastaren DR at «deepfakes» er med på å undergrave demokratiet når politikarar blir offer for det.
Goodwin meiner slik bruk av kunstig intelligens kan true demokratiet på sikt.
– Eg trur alle saman må vere litt meir kjeldekritiske. Alle videoar vi ser, må vi tolke slik vi har tolka tekst. Vi må vere merksame på at videoar kan vere like usanne som ein tekst på Facebook eller ei tekstmelding.
Stor motstand
Bakgrunnen for videoen er avskaffing av den danske fridagen «den store bededag». Regjeringa valde i fjor å fjerne fridagen, for å heller bruke pengar på forsvaret.
Motstanden frå fagforeiningar, biskopar og folket var stor.
Regjeringa rekna seg fram til at fjerning av helligdagen ville spare 3,2 milliardar danske kroner.
Publisert 30.04.2024, kl. 05.41