– Politiet var kjend med at sikta skulle reise til Italia

3 months ago 12


– Politiet var kjend med at sikta skulle reise til Italia. Det var og er ikkje planlagt nye avhøyr i perioden han er bortreist, skriv Oslo politidistrikt i ei pressemelding.

Onsdag blei det kjent at Marius Borg Høiby hadde reist til Italia dagen etter avhøyret. Det var VG som meldte dette først.

Øyvind Bratlien, Høibys forsvarar, stadfesta at han hadde reist etter råd frå han sjølv.

Har vore i avhøyr – reiste til Italia

Det var tysdag denne veka at Marius Borg Høiby blei avhøyrt av politiet tre veker etter hendinga på Frogner natt til 4. august.

Høiby er sikta for kroppskrenging, skadeverk og truslar mot ei fornærma kvinne i saka.

Det innrømma han i ein uttale til NRK.

I ettertid har to ekskjærastar, Juliane Snekkestad og Nora Haukeland, uttala seg på sosiale medium der dei hevdar å ha blitt utsett for vald av Høiby.

Politiet har med bakgrunn i dette oppretta to undersøkingssaker der Høiby er mistenkt for vald i nære relasjonar. Dei to kvinnene har sjølv forklart seg til politiet.

NRK forklarer

Dette er saka om Marius Borg Høiby

Vennskapskamp i fotball på Skaugum i Asker

Dette er saka om Marius Borg Høiby

Høiby er sikta for vald, skadeverk og truslar

Søndag 4. august blir Høiby pågripen av politiet på Jansløkka skole i Asker.

Natta i førevegen meiner politiet at han skal ha vore valdeleg mot ei fornærma kvinne i leilegheita der ho bur. Han skal også ha øydelagt fleire gjenstandar.

Etter pågripinga siktar dei Høiby for kroppskrenging og skadeverk. Politiet seier det er ein relasjon mellom han og kvinna.

23. august uttala politiet at dei hadde utvida siktinga til truslar.

Marius Borg Høiby på prinsesse Ingrid Alexandra myndigheitsdag.

Dette er saka om Marius Borg Høiby

Høiby innrømmer vald

14. august innrømmer Høiby til NRK at han «utøvde kroppskrenkelser og ødela gjenstander» då han var rusa på kokain og alkohol.

Han seier då han vil ta ansvar og forklare seg til politiet.

Høiby beklagar også til den fornærma kvinna som han omtaler som kjærasten sin.

Juliane Snekkestad og Marius Borg Høiby

Dette er saka om Marius Borg Høiby

Ein eks­kjæraste uttaler seg

12. august kjem Juliane Snekkestad med ei uttale på sosiale medium, der ho hevdar å ha blitt utsett for vald av Høiby.

Ho blir kalla inn til avhøyr av politiet og får status som fornærma i ei undersøkingssak mot Høiby. Han er ikkje sikta, men mistenkt.

20. august seier advokaten hennar at saka blir etterforska som mogleg vald i nære relasjonar.

Nora Haukland er kalla inn til politiavhøyr. Her er ho under røde løper før premieren av den aller siste episoden av «The Crown» på operahuset i Oslo.

Dette er saka om Marius Borg Høiby

Enda ein eks­kjæraste får status som fornærma

15. august uttaler Nora Haukland på sosiale medium at ho skal ha blitt utsett for vald av Høiby.

Ho har blitt kalla inn til avhøyr av politiet. Dei opprettar ei undersøkingssak der dei etterforskar mogleg vald i nære relasjonar, stadfestar bistandsadvokaten.

Haukland har status som fornærma. Høiby er ikkje sikta.

Nora Haukland og Juliane Snekkestad

Dette er saka om Marius Borg Høiby

Etter­forskar tre saker

Det er altså kjent at politiet har tre saker på bordet som er knytt til Høiby.

  • I den første saka er Høiby sikta for kroppskrenking og skadeverk mot ei fornærma kvinne.
  • Politiet har oppretta ei undersøkingssak mot Høiby der Juliane Snekkestad er fornærma.
  • Politiet har også oppretta ei undersøkingssak sak mot Høiby der Nora Haukland er fornærma.

Publisert 29.08.2024, kl. 12.12 Oppdatert 29.08.2024, kl. 12.14

Read Entire Article