Planla å drepa tusenvis på Taylor Swift-konsert

3 months ago 17


29. august 2024 kl. 12:51

Personane som stod bak planane om eit angrep mot ein Taylor Swift-konsert i Wien tidlegare i år, planla å drepa tusenvis av fans. Det seier David Cohen, underdirektør i CIA, ifølge nyheitsbyrået AP.

– Dei planla å drepa enormt mange – titusenvis av menneske på denne konserten, mellom anna heilt sikkert fleire amerikanarar – og hadde kome ganske langt i det, sa Cohen.

USA delte etterretningsopplysingar med Austerrike, og angrepet vart avverja.

Swift avlyste likevel tre konsertar i Wien.

To tenåringar vart arresterte kort tid etter at planane vart kjende. Politiet meiner dei er knytte til terrororganisasjonen IS.

Read Entire Article