Naudetatane er på Danmarksplass etter melding om at ein person er påkøyd av Bybanen, melder Vest politidistrikt.
– Personen skal ligge fastklemt under banen. Det er ei alvorleg ulukke, seier operasjonsleiar Bjarne Rebnor i Vest politidistrikt.
Skyss melder etter ulukka at det er driftsstans på bybanelinje 1 mellom Byparken og Slettebakken, men normal drift mellom Bergen lufthavn og Slettebakken.