Nye reglar for nullutslepp i verdsarvfjordane

3 months ago 16


Seks år etter at Stortinget vedtok at cruiseskip må vere utsleppsfrie før dei får segla i norske verdsarvfjordar, presenterte regjeringa i dag nye og konkrete reglar som skal sikre «berekraftig turisme» i fjordane.

– Målet er å ta vare på dei spektakulære fjordane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Kravet om nullutslepp vil bidra til teknologiutvikling, lågare utslepp og sikre verdsarvfjordane som attraktive turistmål.

Kravet om nullutslepp gjeld i første rekke turistskip og ferjar under 10.000 bruttotonn. Her vil krava gjelde frå 1. januar 2026.

For større skip vil krava først slå inn i 2032.

Så seint som i juli blei regjeringa kritisert for å «somle» med å legge fram reglane, og at dette ramma dei mest offensive aktørane som tok meirkostnaden ved å gå føre.

Det hastar med ei avklaring, sa leiar i Maritimt forum, John Anders Lindtveit Røse til Teknisk Ukeblad.

Andreas Bjelland Eriksen

– Innføringa av krav om nullutslepp vil både vere teknologidrivande og bidra til utviklinga av nullutsleppsløysingar, som vil komme heile næringa til gode, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Foto: NTB

Eksistensiell angst hos fleire av cruisedestinasjonane

Det nye regelverket har vore gjenstand for sterke interessemotsetningar.

Det grunnleggjande spørsmålet er kor fleksibelt nullutsleppskravet skal vera i ein overgangsperiode, innan ny teknologi er plass.

Konflikten toppa seg i fjor haust då Aurland og andre cruisedestinasjonar klaga staten inn til det europeiske overvakingsorganet ESA.

Ifølgje klagarane hadde staten skygd banen og berre lansert eit «håplaust forslag» om at skipa skulle drivast på biogass i ein overgangsperiode.

I potten ligg ein eksistensiell angst hos fleire av cruisedestinasjonane om at livs- og næringsgrunnlaget deira kan forsvinne om krava er for strenge og rigide.

Det nye regelverket inneheld derfor fleire «innrømmingar» og handsrekkingar, blant anna vil rutebåtane til Vestland fylkeskommune få unntak frå nullutsleppskravet «inntil vidare».

I tillegg vil staten vere med å finansiere eit landstraumanlegg i det som kanskje er den mest ikoniske cruisebygda – Flåm.

– Det har vore viktig for meg å finne ei løysing som stimulerer teknologiutvikling, tar omsyn til reiselivet i anløpshamnene og gir tilstrekkeleg føreseielegheit for næringa, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Dette meiner eg vi har lykkast med.

Cruiseskip i Flåm

Cruisenæringa bidrar til verdiskaping langs kysten, men medfører samtidig klimagassutslepp og forureining som påverkar verdsarvfjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vår tilråding gir best balanse

Dei nye regelverket bygger på eit forslag som blei lagt fram av Sjøfartsdirektoratet før jul.

Med utgangspunkt i motstanden sa direktoratet ja til fleire drivstofftypar innanfor rammene av eit meir «imøtekommande» regelverk.

I eit anbefalingsbrev til Klima- og miljødepartementet (KLD) skreiv sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide at dei vurderte konsekvensen av overgangsordninga til å vera «tilnærma lik den opphavlege ordninga, både når det gjeld å driva innovasjon og kutta utslepp.»

– Vår tilråding gir best balanse mellom omsynet til nullutslepp og framleis cruisetrafikk i verdsarvfjordane, sa Hareide.

Knut Arild Hareide

Dei nye regelverket bygger på eit forslag som blei lagt fram av sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide før jul.

Foto: NTB

Publisert 27.08.2024, kl. 14.06

Read Entire Article