Ny lov kan sikre tarifflønn: – Nokon får berre ti kroner timen

5 months ago 39


– Arbeidslivet vårt endrar seg stadig – og det gjeld kanskje spesielt i Longyearbyen, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) til NRK torsdag.

Fredag blir Svalbardmeldinga lagt fram for Stortinget. Allereie dagen før varslar altså regjeringa at ho vil innehalde forslag om lovendringar for å rydde opp i arbeidslivet på øygruppa.

Brenna vil nemleg at allmenngjeringslova skal gjelde også på Svalbard.

– Vi er opptatte av at folk skal ha det trygt og godt på jobb, også om dei jobbar på Svalbard, seier ho.

Skal sikre anstendige lønningar

I Noreg er lønningane bestemte gjennom tariffavtalar og individuelle avtalar – ikkje gjennom lovregulering.

Dermed er det lovleg å tilby lønn som er lågare enn tariff viss arbeidsstaden ikkje har tariffavtale.

Unntaket er viss tariffavtalen er allmenngjord – altså at føresegnene i avtalen blir gjort om til ei forskrift som gjeld alle.

Det blir gjort ved at arbeidsgivar- eller arbeidstakarsida går til det som heiter Tariffnemnda og ber om at dette skal skje.

Tonje Brenna

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Foto: William Jobling / NRK

– På den måten er det lettare å følge med på at folk får ei anstendig lønn, og det er bra for den som skal forhandle lønn, seier Brenna.

– Dessutan er det ei moglegheit for partane i arbeidslivet til å ta meir ansvar og vise fram at dei har tatt ansvar.

LO: Betaler ti kroner i timen

Svein Jonny Albrigtsen, leiar for LO Svalbard, er strålande fornøgd med nyheitene frå Brenna.

Han har kjempa for denne lovendringa sidan 2015.

– Dette er viktig for dei utanlandske arbeidstakarane, som blir spesielt utnytta. Nokon får berre betalt ti kroner i timen, utan at det går an å slå ned på det, seier Albrigtsen til NRK.

Nå kan dei altså vere garantert minstelønn dei stadene tariffen blir allmenngjord.

– Med denne endringa får også Arbeidstilsynet verktøy for å gå inne og sjekke arbeidsvilkåra, og det er eit framsteg, seier LO-leiaren.

LO Svalbard

Svein Jonny Albrigtsen, leiar for LO Svalbard, har kjempa for lovendringa i nesten ti år.

Foto: Aslaug Elisabeth Høgsæt Aarsæther / NRK

Han fortel at LO-kontoret i Longyearbyen stadig får inn bekymringsmeldingar om arbeids- og lønnsvilkår, men at det er lite dei kan gjere så lenge arbeidstakarane ikkje er organiserte. Det er det få utanlandske arbeidstakarar som er, seier Albrigtsen.

– Kva får de rapportar om?

– Vi har sett eksempel på folk som jobbar for kost og losji og ein tusenlapp i veka.

– Nokon fortel at dei blir trua med å miste jobben viss dei ikkje godtar vilkåra dei blir serverte. Dette er dårlege vilkår, men for mange er det mykje betre enn lønna dei ville fått i heimlandet.

For LO har det vore vanskeleg å komme inn i desse miljøa, og det er få som vil snakke med dei. Albrigtsen trur likevel mange vil bli glade for endringa som nå kjem.

– Det er også bra for selskap som driv her, fordi det vil føre til meir likebehandling, og at ingen kan drive med underbetaling.

Desse områda er allmenngjorde

I utgangspunktet gjeld norsk privat-, straffe- og prosessrett også for Svalbard, så lenge ikkje anna er uttrykkeleg bestemt.

Andre lovføresegner, som for eksempel allmenngjeringslova, gjeld ikkje utan at det er gjorde eigne vedtak om dette.

Longyearbyen i trist vær

Foto: Aslaug Elisabeth Høgsæt Aarsæther / NRK

I Noreg er det ni overeinskomstar der tariffavtalen er allmenngjort:

  • Bygg
  • Reinhald
  • Overnatting/servering/catering
  • Skips- og verftsindustrien
  • Jordbruk og gartneri
  • Fiskeindustribedrifter
  • Elektro
  • Godstransport på veg
  • Persontransport med turbil.

– Denne lova er spesielt viktig for dei bransjane vi veit at er litt utsette, og fleire av desse er det er ein god del av i Longyearbyen. Derfor tenker vi at det er ekstra viktig at lova kan brukast også der, seier Brenna.

På høyring for tre år sidan

Allereie i desember 2020 sende Solberg-regjeringa ut eit forslag om å gjere denne endringa i lovverket.

Men lovarbeidet stoppa opp etter høyringsfristen 18. mars.

I mai 2023, halvtanna år etter at Støre-regjeringa gjekk på, skreiv Fri Fagbevegelse at arbeidet med lovendringa var utsett på grunn av den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa.

Arbeidsministeren erkjenner at det har vore ein lang prosess.

Ho rosar LO på Svalbard og Longyearbyen lokalstyre for jobben dei har gjort med å løfte problematikken.

– Både LO og NHO var veldig positive til forslaget i høyringsrunden for nokre år sidan. Det er eg veldig glad for, for det er dei som må ta i bruk lovføresegna når ho blir gjort gjeldande, seier Brenna.

Ny Ålesund

Det bur omkring 30 personar i Ny-Ålesund om vinteren, og rundt 130 om sommaren.

Ikkje heile Svalbard

Lovforslaget, som skal sendast til Stortinget i løpet av året, er det same som blei sendt på høyring i 2020, med nokre justeringar.

Men lova vil ikkje verke for heile Svalbard i første omgang.

– I utgangspunktet gjeld lova for heile øygruppa, men med utsett iverksetting for områda som ikkje er Longyearbyen og Ny-Ålesund.

– Kvifor det?

– Det er viktig å få dette raskt på plass i Longyearbyen. Det er eit område der folk jobbar i bransjar som er spesielt utsette.

– Er det vanskelegare å få dette på plass på resten av Svalbard?

– Det er eit litt anna type næringsliv som har verksemd på andre delar av Svalbard.

Brenna utdjupar:

– Vi måtte gjere nokre nye vurderingar etter at Russland invaderte Ukraina, men vi har nå komme til at denne lova likevel kan gjerast gjeldande.

Publisert 30.05.2024, kl. 17.00

Read Entire Article