Shakeel Muzaffar er dømt for å ha lurt 12 personar for til saman over 10 millionar kroner.
Fleire av dei fornærma seier Shakeel skulle hjelpe dei med å få bustadlån. Dei enda opp med gjeld og ingen bustad.
– Dei hadde tillit til meg. Dei gav frå seg bankbrikker, personleg passord. Eg søkte lån på nettet, tok utbetaling på nokre av dei, så tok eg pengane sjølv, sa Shakeel i retten.
Han forklarte at dei fleste bedrageria skjedde ved at folk kontakta han gjennom kjenningar. Det hadde gått rykte om at han kunne ordne lån.
Han forklarte at «det skjedde plutseleg» at han byrja å ta pengane sjølv.
Shakeel er dømt til tre år og fire månader i fengsel. Han får straffefrådrag på 235 dagar, som han har sete i varetekt.
Han er også dømt til å betale erstatning på til saman 15,8 millionar kroner til dei 12 fornærma.
– Han vil sannsynlegvis vurdere å vedta dommen. Når det gjeld erstatningskravet er han innstilt på å gjere opp, seier forsvarar Usama Ahmad frå Advokatfirmaet Elden etter at dommen har blitt forkynt.
– Angrar
Dommen kjem over to år etter at han først skulle i retten. I 2022 møtte han ikkje opp, og blei internasjonalt etterlyst.
Då NRK fann Shakeel i Romania i 2022, var svaret hans at «dei var med på det sjølv»:
I januar i år blei Shakeel pågripen i Romania, og no har han altså erkjent straffskuld.
– Eg angrar på det som eg gjorde. Det var veldig feil. Men, eg gjorde det liksom, sa Shakeel i retten.
Usama Ahmad frå Elden advokatfirma er forsvarar for Shakeel Muzaffar. Han tok over saka frå ein kollega berre ei veke før saka gjekk for retten.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKForsvarar Usama Ahmad la til at Shakeel «har hatt eit ønske om å beklage seg overfor dei fornærma».
– Ja, svarte Shakeel.
– Det har vore viktig for deg, sa Ahmad.
– Ja, svarte Shakeel.
Då Shakeel Muzaffar erkjent straffskuld til tiltaleavgjerda, var det sett av sju timar i Drammen tingrett den 29. august. Ingen vitne var kalla inn. Saka gjekk for retten i Drammen då nokre av dei fornærma har hatt adresse der.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Eg er letta
Fram til no har fleire av dei tiltalte sete att med gjeld, inkassovarsel, løpande renter og aukande lån.
Ein av dei fornærma kallar NRK for «Adam».
– Eg er letta for at me i det minste fekk ei rettssak, men eg synest straffa er låg. Ikkje berre for han, men for alle andre som gjer dette. Med skaden som har blitt gjort mot meg, er det ikkje nok, seier Adam.
Han er likevel glad for Shakeel får ein straff.
– Eg veit det er mange offer der personen framleis ikkje har blitt tatt, saka har blitt lagt vekk, og at personen kosar seg ein eller anna stad i utlandet, så eg er på ein måte nøgd, seier han.
«Adam» blei lurt av Shakeel i juli i 2017. Han ønska då å kjøpe leilegheit til kona og barna. No er Shakeel dømt til å betale erstatning til Adam på over 3 millionar kroner. Adam håper at han blir gjeldsfri.
Foto: Patrick da Silva Sæther / Patrick da Silva Sæther– Han øydela livet mitt
Nokre av dei NRK har vore i kontakt med har fått hjelp frå ID-juristen til å slette opp mot ein million kroner av krava.
Kona til ein av dei fornærma fortel at mannen hennar ikkje er kapabel til å jobbe lenger. Dei har hatt store utgifter til helsehjelp etter at mannen blei lurt.
– Shakeel har klart å øydelegge for mannen min, for meg og for familien min. Då NRK møtte han i Romania nekta han for alt, og at han tilstår no, gjer meg frustrert, seier ho.
I fire år har ho og mannen betalt dyrt, både økonomisk og psykisk.
– Han øydela livet mitt, seier mannen.
Etter at ein mann blei lurt av Shakeel i februar 2020, sat han att med ei bunke med krav mot seg, og nesten ein halv million i gjeld. Han og kona drøymde om å kjøpe seg ein bustad. – Det har vore som i ein dårleg draum, seier kona hans.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRKHåper å få livet tilbake
Ho NRK kallar «Jasmin» byrjar å grine når ho får høyre at Shakeel har tilstått og blir dømt.
– Eg tenker på kor vondt eg har hatt det i seks år. At han står for det er veldig bra.
Ho ønsker «berre at gjelda skal bli sletta».
– Eg håper verkeleg at eg kan eg kan byrje å leve eit normalt liv, der eg kan oppfylle draumane mine. Å kjøpe leilegheit og at eg kan ha min eigen bil er dei største draumane eg har.
«Jasmin» synest ikkje ei tilståing frå Shakeel hjelper så mykje: – Uansett vil det ikkje hjelpe oss med dei skadane han har påført oss. Han øydela livet mitt, seier ho.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRKHo som var venninne med Jasmin blei også lurt, og synest det er bra Shakeel har tilstått. Ho har slite mykje dei siste åra.
– Når eg høyrde han tilstod, så var det som at det var fleire steinar som blei letta frå skuldrene mine. Eg tenkte at, endeleg, kanskje eg kan få livet mitt tilbake no.
Skulle hjelpe med investering
Ein av dei fornærma tapte kroner 428.710 kroner og i tiltalen står det at det skulle gå til felles forretning. Shakeel sa i retten at han skulle hjelpe mannen å investere.
– I gull og elektrovarer, sa Shakeel.
Shakeel tok pengane sjølv, og tok i tillegg opp kredittlån i fire bankar på 58.000 kroner.
Ein mann betalte 316.000 kroner til Shakeel, fordi Shakeel sa det var «kva det kostar for lånet». Ein annan tapte 47.500 kroner på same måte. Shakeel hugsa ikkje om han faktisk søkte om lån for dei to.
I retten forklarte Shakeel at fleire av dei fornærma kontakta han etter at han hadde tatt opp lån på dei. Og han responderte slik:
– Sa det skulle ordne seg, sa Shakeel i retten.
NRK møtte Shakeel i Arad. Han blei pågripen, nesten to år etter, i Timișoara.
Usikkert om erstatning
Innan to veker frå dommen skal Shakeel betale erstatning, men det er usikkert korleis dette blir ordna.
Aktor er politiadvokat Line Lobben Pettersen ved Sør-Øst politidistrikt.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– No får han ein dom på erstatningskrav, og korleis kredittinstitusjonar vel å følge det vidare kan eg ikkje uttale meg om, seier aktor Line Lobben Pettersen.
Forsvarar Usama Ahmad seier Shakeel Muzaffar har godtatt erstatningsansvaret.
– Han har sagt i retten at han vil forsøke, etter eiga evne, å kunne betale ned det han klarar, i all framtid. Det er noko som vil påhefte han resten av livet, seier Ahmad.
Advokatfullmektig Yusufine Opprann ved Advokatfirmaet Nordhus & Aarø.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKAdvokatfullmektig Yusufine Opprann seier dei fire fornærma, som ho representerte, er letta over at saka endeleg har blitt behandla av tingretten.
– Det har vore ein lang og tung prosess både psykisk og økonomisk for alle dei fornærma, seier Opprann.
Ho seier det er vanskeleg å seie noko om erstatningskrava og kva resultatet blir:
– Om det er banken som skal ta ansvar for det, om det er staten, om det er han, eller om det er dei fornærma som må halde fram og lide dette enorme tapet.
Publisert 04.09.2024, kl. 16.26