Det har blitt ein vane, men det kan likevel vera forvirrande.
Når du skal logga inn i mobilbanken har du tidlegare hatt tre trygge val. Den gode gamle kodebrikka, BankID-appen og løysinga som heitte Bank ID på mobil.
Frå i dag forsvinn den siste for godt.
– BankID-appen er sikrare i bruk. Derfor har kundane til eit samla bank-Noreg vore nøydd til å skifta mobil-løysing dei siste to åra, seier Øyvind Westby Brekke, dagleg leiar i BankID BankAxept,
Utsett for hacking
Han fortel at den gamle løysinga, «Bank-ID på mobil» brukte simkortet i mobilen, og det gjorde den utsett for hacking.
2,4 millionar nordmenn hadde den installert. Likevel, på søndag, den 1. september, blir den skrudd av for godt.
– Men dei fleste har kome seg over på BankID-appen nå, seier Westby Brekke, som kan vise til 3,5 millionar brukarar.
Ennå står det rett nok igjen 900.000 nordmenn som brukar kodebrikke, men Westby Brekke lovar å ikkje røra den ordninga.
Det har ikkje vore enkelt å få norske bankkundar til å skaffe seg BankID-appen. For installeringa er komplisert, med mange steg som skal gjerast i nøye rekkefølge, for å få appen til fungere på mobilen.
Og med tanke på at det er minst 600.000 innbyggjarar i Noreg som slit med å handtere digitale tenester, så har utfordringane stått i kø. Spesielt for eldre menneske.
Svindelforsøk via mobiltelefonen
Organisasjonen Seniorane held kurs for folk som ønskjer å vite meir om datatryggleik. Der får deltakarane også råd om korleis dei skal få installert BankID-appen.
På eit slikt kurs på Tasta i Stavanger fortalde Tor Fjelde om det som skjedde tidlegare i sommar. Han fekk beskjed på mobilen om at Vipps ikkje fungerte skikkeleg. SMS-en bad han om å gå inn på ei lenke og skrive inn ein kode.
– Etter kvart tykte eg at dette var mistenkeleg, og ringde til banken. Det var ein søndag føremiddag, rett etter frukost at eg tok kontakt. Då sa han eg snakka med at det var svindel, og at han kom til å stenga ned alle bankkorta mine. 10 minutt seinare var alt låst, fortel Fjelde.
Nå har banken låst opp alle kontoar og bankkort igjen, og Fjelde har også fått hjelp til å installera BankID-appen.
Kakadu kom på banen
Eit anna hjelpemiddel for dei med lite kunnskap om data, har vore at mange av bankane i landet har tilbydd enkle oppskrifter på nettsidene sine. Det har også selskapet BankID BankAxept, gjort.
Dei brukarrettleiingane er laga ved hjelp av vegleiingstenesta til selskapet Kakadu i Erfjord i Suldal.
– Me har utvikla ein språkrobot som fjernar stammespråk, teknisk språk og trebokstavsforkortingar, fortel gründer Ingvild Erøy Prestårhus.
– Ta omgrepet biometrisk autentisering, seier ho. Det er bransjespråk. Språkroboten vår foreslår å heller bruke ordet ansiktsgjenkjenning. Det mykje enklare å forstå, slår Erøy Prestårhus fast.
Publisert 01.09.2024, kl. 07.51