Mykje skjermtid gjer at fleire slit med augeplager

1 month ago 9


Kristine Hildre Dimmen (18) og Iselin Berge-Aam (20) sjekkar mobilen flittig under lunsjen med venninnene.

Dei studerer biomarin innovasjon ved NTNU i Ålesund, og både i skulearbeidet og på fritida blir det mykje skjermtid.

– På kveldstid når eg skrur ned lysstyrken, så synest eg aldri eg får han ned nok. Eg vil eigentleg ha det enda mørkare. Eg merkar det byrjar å tåre i auga og det svir litt, seier Berge-Aam.

– Eg har litt augeproblem frå før, og det er veldig belastande for auga viss du sit i mørket med ein lys skjerm.

Mobilene ligger fremme under lunsjen.

Mobilane til jentene ligg framme under lunsjen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Også Kristine Hildre Dimmen har slite med synet, og har sett skjermgrense på sosiale medium.

– Etter at eg har vore på éin time, så kjem det opp varsel og da blir eg meir klar over det. Det bryt den transen når ein sit og skrollar. Eg har gått ned frå 11 timar til 40 min på TikTok, så det hjelper.

Markus fekk hevelsar på auget

– Det skjedde ganske uventa, seier Markus Henriksen (27) frå Kristiansand.

På nyåret i 2021 fekk IT-konsulenten problem med hevelse på auget.

Markus Henriksen sitter foran pc-en.

Markus Henriksen jobbar som IT-konsulent i Oslo.

Foto: Privat

– Auget blir tørt, og det kan kjennest litt ut som sandpapir på auget når det er som verst.

Henriksen trudde det skulle gå over av seg sjølv, men det gjorde det ikkje.

Augeproblema gjorde at han fekk vondt i hovudet og det blei problematisk å sitte framfor skjermen på jobb fordi han måtte ta augedropar heile tida.

– Viktig å hugse å blunke

Ifølge augelege og professor Tor Paaske Utheim så har det vore ein relativt stor auke i utbreiinga av tørre auge dei seinare åra, og det er også ein auke hos dei yngre.

– Det er meir enn berre litt ubehag. Det er ein betennelsessjukdom. Mange pasientar opplever at dei er mindre produktive både heime og på jobb, og at dei får svært nedsett livskvalitet, seier han.

Øyelege Tor Paaske Utheim arbeider med tørre øyne problematikk.

– Skjermbruk, kontaktlinser, aircondition, augelokk-kosmetikk og luftforureining er risikofaktorar for å få tørre auge, seier Tor Paaske Utheim ved Øyehelseklinikken og Tørreøyneklinikken.

Foto: Line Lyngstadaas

Utheim meiner det er mange årsaker til at fleire slit med tørre auge. Hyppig skjermbruk gjer at vi blunkar langt sjeldnare når vi ser på skjerm.

– Blunking er viktig da det bidrar til å fornye tårefilmen. Det er vanleg at pasientar blir verre utover dagen etter mange timar med skjermbruk, og at dei blir betre i periodar utan skjerm, seier han.

Studentar ved NTNU snakkar om skjermbruk og om dei er bekymra for synet sitt.

Øyvind Sandnes / NRK

– Faren min er augelege og litt streng på det

Studentar ved NTNU, Pernille Elvestad og Victoria Skau, seier dei har kjøpt fysiske bøker, i staden for e-bok.

– Eg har ikkje tenkt på det med synet, mest på at det er dumt sosialt og at ein ikkje kjem seg ut, seier Pernille.

– Ein kjenner ein får vondt i auga viss ein ser mykje på skjerm. Faren min er augelege, så han er litt streng på det, og tek mobilen lengre unna ansiktet, seier Victoria.

Oda Fjeld på NTNU i Ålesund med ein mobil på bordet.

Øyvind Sandnes / NRK

– Gå ein tur

– Eg brukar telefonen til alt, både på skulen og på fritida, seier Oda Fjeld.

Ho seier prøver å passe på å variere avstanden på mobilskjermen viss ho sit lenge med den.

– Og kanskje gå ein tur ut når ein merkar ein blir litt stiv i augne.

Anniken Ekroll, Iselin Zumbrunnen og Andrea Nordbrønd Myklebust et lunsj på NTNU i Ålesund.

Øyvind Sandnes / NRK

– Spent på skjermtida som student

Anniken Ekroll, Iselin Zumbrunnen og Andrea Nordbrønd Myklebust studerer helsesjukepleie.

– Eg merkar eg kan få hovudverk og bli litt sliten i auga, seier Anniken som prøver å bruke lesebriller.

– Det er viktig å ha avbrekk, seier Iselin og er spent på skjermtida no som ho har blitt student.

– Siste veka har eg faktisk gjort innstillingar på mobilen for å redusere skjermtida, seier Andrea.

Også Norges Optikerforbund ser ein klar tendens til utviklinga, og at fleire får tørre auge.

– Det gjeld både godt vaksne og unge menneske. Det er ein trend i Noreg som har endra seg ganske mykje dei siste 15 åra, seier generalsekretær Hans Torvald Haugo.

– Kva trur de er årsaka til det?

– Vi er meir inne enn før i meir tørr luft, og vi driv meir med skjermen enn før. Auga våre er ikkje laga for å sjå så nært over lang tid, så det å sitte timevis med nasen i ei bok eller på ein skjerm, er vi ikkje konstruert for frå naturen si side.

Hans Torvald Haugo

– Viss vi konsentrerer oss og ser på ein skjerm, så hugs å blunke. Det fordeler tårefilmen over auga, seier Hans Torvald Haugo.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Må behandle sjølv

Augelege Tor Paaske Utheim meiner tørre auge ikkje er noko ein berre kan sjå an, fordi det fører til auka plager.

– Det viktigaste er å oppsøke hjelp og slå ned tilstanden før han utviklar seg. Ubehandla tørre auge blir som hovudregel forverra år etter år fordi betennelse gir celleskade på augeoverflata.

Markus Henriksen skulle ønske han hadde visst meir om tørre auge og at tilstanden blir verre.

– Då eg skjønte det, så blei eg jo meir uroa.

Henriksen har fått lysbehandling som han meiner har forandra livet hans. No kjenner han at kvardagen på jobb fungerer bra, men han er likevel ikkje kvitt sjukdommen.

– Det blir halde i sjakk ved at eg behandlar det heime sjølv, for eksempel med varmemaske på augelokka og med augedropar. Og det ser eg for meg at eg må gjere resten av livet.

Markus Henriksen sitter foran en PC-skjerm.

Markus Henriksen trur ikkje han blir kvitt problema med tørre auge. – For min del handlar det om å halde det på eit behageleg nivå. Eg kjem nok ikkje tilbake der eg var.

Foto: CGI Norge

Publisert 02.09.2024, kl. 05.37

Read Entire Article