Mowi-sjef i retten om lakseskatten: – Vi får ei konkurranseulempe

5 months ago 39


Mowi og Fredriksen, gjennom investeringsselskapet Geveran Trading, har saksøkt staten. Dei meiner at lakseskatten er eit brot på Grunnlova og EØS-reglane. Årsaka er at oppdrettsgiganten meiner dei får ei ulempe som ikkje mindre konkurrentar får.

Etter ein lang og tøff dragkamp, vedtok fleirtalet på Stortinget omsider i mai i fjor, å innføre ein grunnrenteskatt på 25 prosent.

Sidan 1. januar 2023 har lakseoppdrettarar vore nøydde til å betale den.

Men det er overskot på over 70 millionar kroner som skal skattast av. Det meiner Mowi, kor milliardær John Fredriksen er største eigar, er urettferdig.

Skipsreder John Fredriksen

MILLIARDÆR: John Fredriksen, som er største eigar i Mowi gjennom investeringsselskapet Geveran Trading, har i tospann med Mowi gått til sak mot staten.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Selskapet har i fleire år hatt milliardar i overskot.

Mowi har kjempa mot den populært kalla lakseskatten sidan dag ein, men i august i fjor gjekk selskapet til sak mot staten – noko som førte til sterke reaksjonar.

Dei store mot dei små oppdrettarane

Torsdag går det føre seg eit noko uvanleg munnleg forhandlingsmøte i Bergen tinghus, kor det i første omgang skal avklarast om dette i det heile er ei sak retten skal ta stilling til.

Det er innslagspunktet på 70 millionar kroner Mowi dreg staten for retten for. Det er konkurransevridande, meiner Mowi-sjef Ivan Vindheim.

– Skatten påverkar heile drifta vesentleg. Vi får ei konkurranseulempe i forhold til dei små oppdrettarane når vi skal kjøpe konsesjonar og investere, seier Vindheim i retten.

– Så dersom Stortinget fjernar dette frådraget, så er Mowi fornøgde? spør regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, som er advokaten til staten i denne saka.

– Ja, det er riktig, svarer Vindheim.

Ivan Vindheim, sjef i Mowi, og regjeringsadvokat Fredrik Sejersted i Bergen tinghus.

HANDHELSER: Mowi-sjef Ivan Vindheim og regjeringsadvokat Fredrik Sejersted helser på kvarandre i forkant av rettsmøtet torsdag.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Like rammevilkår for alle

Staten meiner frådraget ikkje er ulovleg, då det gjeld for alle oppdrettarar. Skatten er forma på ein progressiv måte, som er eit heilt vanleg verkemiddel, ifølgje Sejersted.

Dessutan meiner staten søksmålet er prematurt, fordi Mowi ikkje har fått noko skattevedtak enda – og at det dermed er vanskeleg å seie korleis denne skatten eigentleg påverkar Mowi.

Fredrik Sejersted, regjeringsadvokat. I Bergen tinghus i forbindelse med lakseskattesak ført an av Mowi.

PREMATURT: Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted fører saka for staten. Han har mange advokatar under seg, men stiller sjølv opp i dei aller viktigaste sakene for staten. Han meiner søksmålet til Mowi er prematurt.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Det spesielle i denne saka er at Mowi prøver å angripe Stortinget sitt vedtak på generelt grunnlag allereie no, seier Sejersted til NRK, og slår fast at domstalen ikkje skal prøve Stortinget sine lover på generelt grunnlag slik.

– Progressiv skatt er vi vane med for privatpersonar, men ikkje i næringslivet. Der er det ein skatt som skal gjelde for alle. Vi ønskjer å sikre oss like rammevilkår som alle andre, seier Vindheim på si side.

Ifølgje Vindheim har skattesatsen til Mowi gått frå 22 til 47 prosent som følgje av lakseskatten.

Er konkurransevridinga teoretisk?

Dommar Knut H. Leknes lurer på om skatten berre teoretisk er konkurransevridande, eller om Mowi også kan vise til at den er det i praksis.

Vindheim meiner statens auksjon for løyve for lakseoppdrett i 2022, etter at lakseskatten først blei annonsert i september det året, er eit bevis.

– For første gong i historia klarte ikkje staten å selje alle løyva. Ingen av dei store kjøpte løyve den gong, seier Vindheim.

Då staten arrangerte restauksjon i fjor, kjøpte Mowi 2,8 løyve av totalt 42 løyve.

– Gitt vår marknadsandel på 20 prosent, skulle vi ha kjøpt 8 løyve, seier Vindheim.

Staten har hevda at ein ikkje utfrå aksjekursen til selskapet, kan sjå at lakseskatten har hatt stor innverknad. Vindheim meiner den gode utviklinga i aksjekursen handlar om svært høge lakseprisar og god inntjening for selskapet.

– Utan skatten er eg overbevist om at vi hadde satt nye rekordar, sa Vindheim, medan han viste utviklinga i aksjekursen på eit ark i retten.

Publisert 11.04.2024, kl. 13.34

Read Entire Article