Dei tilsette hos selskapet DVI i Måløy i Kinn kommune møtte eit lite hyggeleg synd å dei kom på jobb i førre veke.
I styrhuset vart alt av elektronikk knust, alle kablar klipte over og eit pulverapparat var tømt inne i båten. I tillegg var det gjort skade på motorrommet.
– Forferdeleg øydeleggande og fortvilande, seier dagleg leiar Fritjof Skaar.
Ingenting er stole. Det er gjort skadeverk for store summar, men kor store summar er det ingen som veit.
Går utover arbeidet
Det som er sikkert, er at det går utover arbeidet til DVI, som gjer byggearbeid på mellom anna kaianlegg og andre konstruksjonar ved sjøen.
– Båten vil vere sett ute av spill lenge, seier Skaar.
– Det er ikkje gjort i ein handvending å få båten opp og gå igjen, legg han til.
I tida framover får dei ikkje gjort arbeid som båten skulle brukast til. Oppdrag dei har planlagt må dei no utsette.
– Det kom heilt utav det blå. Det er fortvilande. Eg veit ikkje om det er så mykje meir å si om det enn det.
Politiet har sikra spor
Arbeidsbåten låg til kai på Gotteberg i Måløy. Politiet vart gjort merksame på skadeverket på måndag og har gjort sine undersøkingar av den øydelagde båten.
Saka vart først omtala onsdag av Fjordenes Tidende.
– Vi har sikra ein del spor som vi kjem til å undersøke nærare, seier innsatsleiar Morten Hagen.
Politiet skildrar skadeverket som grovt. Kor store summar det er gjort skadar for veit dei førebels ikkje.
Ber publikum om hjelp
Etterforskinga vil halde fram i dagane som kjem. Kven som står bak eller kva motivet for hærverket er, vil politiet enda ikkje seie noko om.
– Det er forskjellige ting som kan ligge bak eit slit skadeverk. Vi har fleire hypotesar vi arbeidar ut ifrå, seier Hagen.
I tillegg ber politiet folk ta kontakt dersom dei har gjort observasjonar som kan vere til hjelp.
– Vi er ute i lokale media og ber publikum ta kontakt dersom dei har gjort observasjonar som dei trur kan vere til nytte for oss.
Publisert 24.04.2024, kl. 17.12