Minst éin døydde etter kraftig turbulens på fly

4 months ago 31


Ein person mista livet etter kraftig turbulens under ei flyging frå London til Singapore.

Det opplyser flyselskapet Singapore Airlines.

Den omkomne er ein britisk mann i 70-åra, og han døydde truleg av hjarteinfarkt, ifølgje thailandske styresmakter.

Den thailandske avisa Khaosod skriv ifølgje NTB at ytterlegare ein person har døydd på sjukehus, men det er førebels ikkje stadfesta av andre kjelder.

50 personar er skadde. For sju av dei er tilstanden kritisk, ifølgje thailandske styresmakter. Det skriv Reuters.

Ein av personalet er i tillegg innlagt på sjukehus, ifølgje nyheitsbyrået.

Flyet måtte naudlande i Bangkok i Thailand. Flyselskapet kondolerer til dei etterlatne.

– Me arbeider med å gi assistanse til alle passasjerar og crew om bord på flyet, skriv dei.

Flyselskapet seier dei skal senda tilsette til Bangkok.

Det var totalt 221 passasjerar og 18 tilsette på flyet.

Publisert 21.05.2024, kl. 15.38 Oppdatert 21.05.2024, kl. 15.44

Read Entire Article