Enorme steinblokker knuste fotballbanen
Desse jentene trente der kort tid før
Kommunen visste at halve banen ligg i rasfaresona
Halvanna døgn etter at 3.-klassingane trente der, kom ei kvit steinur av granitt fossande ned mot fotballbanen.
Det var måndag i påskeferien. Kunstgrasmatta på Dale i Vaksdal kommune var omsider blitt snøfri. Jentelaget fekk endeleg si første utetrening etter vinteren.
– Det hadde me gleda oss til veldig lenge. Mykje kjekkare enn å trena inne, seier 3.-klassingen Olivia Birkeland Johansen.
Dagen etter hadde seniorlaget planlagt ei trening, men dei avlyste fordi så få møtte opp. Det var jo midt i påsken.
– Trudde det var Putin
Deretter blei det stille på fotballbanen til Dale IL.
Fram til klokka 03.40 natt til onsdag 27. mars, dagen før skjærtorsdag.
– Eg vakna midt på natta. Heile senga mi byrja å rista, for me bur ganske nær fotballbanen. Og eg tenkte berre: «kva pokker er det som skjer?»
Det seier Alexandra Espeland Ulveseth, klasse- og lagvenninna til Olivia.
– Eg vakna og trudde det var Putin som kom, supplerer Olivia Espeland Ulveseth, som er tvillingsøstera til Alexandra.
Dagen etter, på skjærtorsdag, rasa den nye steinar ned i den same ura.
– Eg såg nokre mindre steinar som raste, seier Mia Skarsbø Knutsen.
Ein månad etter raset møter me 3.-klassingane i ballbingen ved Dale barne- og ungdomsskule.
Det er der dei yngste laga trenar nå. Kunstgrasbanen, og klubbhuset som stod ferdig i fjor, har vore sperra av sidan raset.
Dei eldre laga trenar nå i nabobygdene Stanghelle og Vaksdal.
– Utenkeleg
June Espeland er tilbake ved kunstgrasbanen for første gong sidan raset gjekk.
– Eg er vanvitig glad for at det skjedde på nattetid og at ingen var her.
– Det er jo utenkeleg og heilt forferdeleg. Det trur eg dei fleste kjenner på. Å senda ungane sine ned i ..., ja...
Brutalt syn
Dei to kampesteinane som ligg inne på fotballbanen til Dale IL er eit brutalt syn.
Begge er rundt tre meter høge og endå breiare.
Kvar stein er 60-70 kubikkmeter og opptil 150-200 tonn, seier geolog Asbjørn Øystese som har undersøkt rasstaden.
Fleire andre gigantiske steinar stoppa i bakken ovanfor grasmatta.
Geologen har anslått at det var mellom 30.000 og 50.000 kubikkmeter stein, og tilrår at kunstgrasbanen blir flytta.
– Det er dumt at me ikkje kan spela der. Men det var bra at det nye klubbhuset ikkje blei øydelagt, for det har dei brukt lang tid på, seier Olivia Birkeland Johansen.
Jentene meiner at dei to kampesteinane på banen «sikkert er hundre kilo».
Nokre av dei meiner steinane må sprengast vekk.
Andre er redde sprenging vil rista laus eit nytt ras.
– Men kvifor bygde dei ein fotballbane der det kan rasa svære steinar?
– Eg veit ikkje. Det var vel ein stor plass å bygga der, og så brukte dei den, seier Alexandra.
Rasfare kjend i seks år
I 2018 utarbeidde Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) faresonekart som viser faren for steinras, mellom anna i dette området.
Sidan den gongen har det vore kjent at mykje av kunstgrasbanen og grasbanen, og heile det gamle klubbhuset, har gul rasfare.
Det betyr risiko for såkalla 5000-årsras.
Ein liten del av kunstgrasbanen har i tillegg oransje rasfare, som er risiko for såkalla 1000-årsras.
Men det var allereie i 2010 at det blei lagt kunstgras på den gamle grusbanen til Dale IL.
Kommunen: – Gjorde ikkje nok
Kommunedirektør Atle Fasteland vedgår at rasrisiko ikkje var tema den gongen.
– Då banen blei bygd i si tid, var det nok ikkje dette så mykje fokus på rasfare i det heile, seier han til NRK.
Derimot var rasfaren kartlagd og kjend då kommunen gav idrettslaget løyve til å bygga eit nytt klubbhus hausten 2022.
Huset som stod ferdig i fjor, ligg utanfor rasfaresonene på kartet til NVE.
Men kartet hadde då i fire år vist at mykje av idrettsanlegget ligg rasfarleg til.
– Klubbhuset blei undersøkt litt, men sånn i ettertid kan ein seia at det ikkje vart gjort nok, vedgår Fasteland.
– Me var ikkje uforsiktige
Kommunedirektøren seier at både Vaksdal og resten av Noreg har eit anna fokus på rasfare nå enn for nokre år sidan.
– Fordi me har sett at det går fleire ras. Det er fleire naturkatastrofar. Både på Vestlandet og elles i landet.
– Med den kunnskapen me hadde der og då, var me ikkje uforsiktige. Sjølvsagt kan me kritiserast i ettertid, men det hjelper så lite.
– Har barn og vaksne spelt med livet som innsats her fram til nå?
– Det er umogleg for meg å svara på, men me var i alle fall heldige med at ingen blei drepne eller skadde.
«Ikkje rasfare»
I byggesøknaden svarte idrettslaget «nei» på standardspørsmålet om skredfare der byggverket skulle plasserast.
I rammeløyvet for nytt klubbhus skreiv kommunen i august 2022:
«Tiltakshavar (altså idrettslaget) har erklært at tiltaket ikkje skal plasserast i eit område der det er fare for flaum, skred eller andre natur- og miljøtilhøve som krev særskilde undersøkingar eller tiltak. Kommunen legg denne vurderinga til grunn for vedtaket.»
– I geolograpporten står det at raset som råka fotballbanen var eit såkalla 5000-årsras. Men spørsmålet er jo om det går ti dagar eller 5000 år mellom to slike ras. Det veit me ikkje, seier kommunedirektør Fasteland.
Mange bygg ligg rasfarleg til
Dilemmaet på Dale er at idrettsanlegget ikkje er det einaste som ligg rasfarleg til.
I denne bygda står mange bustader og andre bygg i rasfarleg område:
- Risiko for «5000-årsras»: om lag 100 adresser ligg i gul rasfaresone
- Risiko for «1000-årsras»: om lag 10 ligg i oransje sone
- Risiko for «100-årsras»: om lag 5 ligg i raud sone
I tillegg ligg mange garasjar og vegar i desse faresonene.
– Er ein prisgitt å leva med rasfare når eit bur på Dale?
– Me er kanskje prisgitte dette i heile landsdelen. Når me vel alle dei goda det er med å bu på Vestlandet, så er det også nokre ulemper. Ei av dei er ras, meiner kommunedirektøren.
– Då er det jobben vår å finna gode løysingar, både for framtida, og her og nå, slik at me får i gang igjen aktivitet på idrettsbanen vår.
Men han reknar med at idrettsanlegget blir ståande stengt i minst eitt år.
Vil flytta banen
Leiaren i idrettslaget meiner kunstgrasbanen bør flyttast:
– Me må finna ut korleis me kan trygga området, og om det er mogleg med ei alternativ plassering av banen.
– Vil du ha banen der den ligg?
– Nei! seier Espeland.
Også jentelaget meiner banen må flyttast, slik geologen tilrår.
– Eg håpar dei kan laga ein ny fotballbane litt lenger vekk frå fjell. Men me gleder oss i alle fall til cupen, seier tvilling-Olivia.
– Kven skal de slå då?
– Stanghelle! Og Voss. Og Vaksdal, seier jentene i kor.
– Og så skal me prøva å slå gutane i klassen. Dei driv med sånne sklitaklingar på jentene heile tida, seier Mia.
Publisert 06.05.2024, kl. 22.05