I to-tre år hadde May Britt Nilsen Heimark avskrive hjernetåka og energitapet som noko korona-relatert.
Då ho vakna fleire gonger om natta bada i sveitte, ana ho kva det var:
Overgangsalderen.
Rett nok ufarleg, men kva skulle ho gjere med nattesveitta og hjernetåka?
Ho fekk resept på eit hormonplaster som skulle dempe plagene.
Men på apoteket var det tomt – veke etter veke.
– No har det gått eitt år utan at eg har fått det eg har resept på, seier 48-åringen.
Vedvarande mangel
– Dette har vore eit langvarig og vedvarande forsyningsproblem gjennom heile 2023 og no inn i 2024.
Det fortel overlege Ingrid Aas ved Direktoratet for Medisinske Produkter (DMP).
– Det begynner å bli ganske mange månader etter kvart.
Tal frå FHI sitt Legemiddelregister viser at det i 2022 var over 30.000 kvinner som fekk utlevert slike plaster, seier Aas.
– Så det seier jo seg sjølv at det er ganske mange som blir ramma av desse forsyningsproblema.
Kor mange som har fått resept utan å få utlevert plaster, som Heimark Nilsen, er det ikkje tal på.
– Løp og kjøp
I fjor skreiv NRK om Anne-Beate Stenstøen, som fortalde om ei evig jakt etter hormonplaster på apoteka i Oslo.
– No er situasjonen om mogleg endå verre, fortel ho.
Ho er med i ei landsdekkande Facebookgruppe der kvinner tipsar kvarandre om kva apotek som får inn plaster.
– Då er det løp og kjøp! Det er jo heilt tragisk, seier ho og ler.
Foreløpig har ho sikra seg ut august.
– Det var éin pakke igjen av min type i heile landet, som eg heldigvis fekk tak i.
Kapasitetsutfordringar
Stenstøen seier ho saknar klare svar på kvifor tilgangen er så dårleg.
– Har alle gjort det dei kan for å få plastera tilbake i hyllene?
Aas seier at direktoratet mellom anna har gjeve apotekgrossistane lov til å selje tilsvarande utanlandske pakningar for å betre tilgangen.
Legemiddelfirma har plikt til å melde frå til DMP minst to månader i førevegen dersom det kan bli mangel på eitt produkt.
Då må dei òg gje ei årsak til mangelen.
– Denne gangen melder firmaet at det er kapasitetsutfordringar som er årsaka til mangelen.
– Veit de kva konkret som ligg i det?
– Det er opp til dei å dele detaljar kring det. Det er forretningsmessige årsaker som gjer at dei ikkje kan dele all informasjonen.
Sandoz er det einaste Iegemiddelfirmaet som lever slike plaster til Noreg.
I ein e-post til NRK opplyser Direktør for Norden i Sandoz, Carsten Gleerup, at dei gjer alt dei kan for å sikre at norske pasientar skal få tak i deira legemiddel.
– Me ser at etterspurnaden hormonplaster er høgare enn det me klarer å produsere. Som mange andre legemiddel har òg desse produkta blitt råka av forsyningsproblem.
Dei har nyleg sendt nye forsyningar, skriv Gleerup, og viser til at dei fortløpande oppdaterer leveringsdatoar på nettstaden til DMP.
– Ikkje direkte byttbare alternativ
Medan ho ventar på plaster har Nilsen Heimark fått alternativ hormonbehandling i tablettform.
Det fungerer bra – til tider.
– Dei første ti dagane i syklusen merkar eg god effekt, så minkar det etter kvart.
Aas fortel at det finst fleire alternativ, men ikkje for alle:
– Det finst ikkje direkte byttbare alternativ, slik me vurderer det.
Ho understrekar at ein må ha ein legevurdering før ein går over til andre alternativ.
– For nokon pasientar vil det vere gode alternativ, for andre ikkje. Det er absolutt ein risiko for at enkelte ikkje finn fullgode alternativ her.
Heimark Nilsen meiner tilgangen på hormonpreparat er eit samfunnsøkonomisk spørsmål.
– Me er ei gruppe med kvinner som har høg arbeidskapasitet. Eg har mange år igjen av arbeidslivet, og eg ønsker verkeleg å vere med.
– Kor lenge er du førebudd på å vente på plaster?
– Eg har venta i eitt år. Gudane veit.
Publisert 23.04.2024, kl. 14.54