Kommune vil gi foreldre ein betalt fridag i veka: – Skeptisk

2 hours ago 3


Agnete på 5 år ventar ved porten når mamma kjem for å hente i Svelgen barnehage i Bremanger.

Maja Vedvik jobbar heldigvis berre nokre steinkast unna. Det sparer tid i ein hektisk kvardag som småbarnsforelder.

Eit forslag frå kommunen kan gi foreldre endå meir rom i kvardagen:

100 prosent lønn for 80 prosent jobb – for småbarnsforeldre med kommunal jobb.

– Personleg hadde det sjølvsagt vore flott med redusert stilling. Men for kommunen og samfunnet tenker eg at det blir eit veldig vanskeleg forslag, seier Vedvik.

Svelgen Barnehage i Bremanger Maja Vedvik

Viss Agnete gjer som resten av dei unge i kommunen, kjem ho til å flytte vekk om ti år.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Manko på folk

I Bremanger i Vestland har dei nemleg pengar nok. Folk er det verre med.

Kommunen med vel 3.300 innbyggjarar har mange ledige stillingar, særskilt innan helse og omsorg.

– Målet er å gjere det lettare for folk å søke på stillingane. Det trur vi at eit sånt type tiltak kan bidra til, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Anne Kristin Førde (Ap)

Om ordninga blir noko av, er håpet at dei går i netto pluss med arbeidskraft, ifølge ordføraren.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Men viss ordninga blir innført, vil dei starte i motbakke. Ifølge Fjordenes Tidende er det 63 kommunalt tilsette med barn i barnehage. 50 av dei jobbar i full stilling.

Viss dei 50 går ned i stilling, vil kommunen miste ti årsverk over natta.

– Det er jo eigentleg ikkje ein løysing på bemanningskrisa at vi skal jobbe mindre, seier Vedvik.

Nesten alle unge flytter vekk

Så godt som alle 15-16-åringar flytter vekk frå Bremanger når grunnskulen er unnagjort. Dei har nemleg ikkje vidaregåande skule. Mange forsvinn for godt.

– Dei kjem tilbake igjen når dei har blitt pensjonistar. Vi er ein attraktiv kommune for pensjonistar, fordi vi leverer gode tenester, spesielt innanfor helse og omsorg, seier ordføraren.

Av dei 3378 innbyggarane i kommunen, er berre 295 i 30-åra.

Bremanger Svelgen kraftlinje

Vind- og vasskraft, industri og havbruk gjer at Bremanger har pengar på bok. Det blir stadig færre å dele dei på.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

I Distrikts-Noreg er det nokså vanleg å lokke med økonomiske gulrøter for å halde liv i kommunane.

– Men akkurat denne varianten har eg ikkje høyrt om andre som brukar, seier direktør Marit Mellingen i Distriktssenteret.

KrF foreslo tidlegare i år å gi full lønn for 80 prosent arbeid for alle med barn under tre år.

200.000 til husbygging

Kommunen har allereie fleire ordningar for å tiltrekke seg folk. Gratis barnehage, til dømes. Ein kan også få 200.000 kroner for å bygge nytt hus.

Arbeidskraft frå vikarbyrådar held skuta flytande, som på Svelgen omsorgssenter, der Vedvik jobbar som sjukepleiar.

Bremanger Svelgen barnehage

Barnehagen er ny i Svelgen, og det er plass til fleire ungar.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

41-åringen er sjølv tilflyttar i kommunen og kjem frå Nord-Noreg.

– Tinder er ikkje noko hinder. Eg jobba som sjukepleiar i Hammerfest. Og når ein bur i Finnmark, må ein ha Tinder på 160 kilometers radius. Da jobba min framtidige mann på plattform 80 kilometer ut i havet. Og plutseleg sit eg her.

Eit rekrutteringstiltak

Oslo, Stavanger og Hammerfest er blant kommunar som prøver ut full løn for 80 prosent stilling som rekrutteringstiltak i barnehagesektoren.

Alta ynskte å gå same veg, men formannskapet sende forslaget i retur til administrasjonen med beskjed om å finne andre løysingar.

I Hammerfest fekk kommunen gode søkjartal til ledige stillingar ved Kvalsund barnehage.

Fagansvarleg for barnehagane i Hammerfest kommune, Unn Wenche Slettvoll, seier likevel at det er for tidleg å konkludere.

Prøveperioden på tre år vil vise om det løner seg å vidareføre tiltaket, eller om det skal utvidast til andre barnehagar.

– Samstundes vil vi sjå på sjukefråværs- og personaltettleik i denne barnehagen kontra andre barnehagar i kommunen som ikkje har denne ordninga, seier Slettvoll.

Trur på andre tiltak

I Bremanger trur Vedvik at andre tiltak er betre for å få folk til kommunen enn å la folk jobbe mindre.

– Alle må ta fram sin indre nordlending og lage litt meir blest om plassen her. Det viktigaste er å fortelje kor bra det er her.

– Vi har masse trivelege folk og masse ledige stillingar. Så det er berre for folk å komme hit. Når vi har fått nok folk, da kan vi begynne å sjå på 80 prosent jobb med 100 prosent lønn.

Om Vedvik og andre småbarnsforeldre får jobbe mindre, skal politikarane i kommunen bestemme før året er omme.

Publisert 08.10.2024, kl. 15.51

Read Entire Article