Mats er fengsla av smerter – fryktar han aldri kan leve normalt igjen

4 months ago 55


– Når skal den driten her gå over?

Mats Rosseli Olsen lar spørsmålet henge litt i lufta, før han held fram:

– Det er jo det som er det verste, trur eg. At ein ikkje veit, seier han usikkert.

Denne månaden kunne 33-åringen spelt for eit stjernespekka norsk landslag i VM, men i staden brukar han dagane på sofaen.

Hockeyprofilen tør aldri å gå langt heimenfrå i frykt for å bli akutt sliten.

– Eg er alltid ute av senga i løpet av dagen, men det er vel dagar der eg ikkje er så veldig mykje ute av døra, seier Rosseli Olsen.

At han skulle ende opp slik hadde han ikkje sett for seg.

Andre hockeyspelarar har lagt opp etter gjentatte smellar mot hovudet, men Rosseli Olsen seier han aldri har slite med hovudskadar.

For stjernespelaren med fire meisterligagull var det ei takling forandra alt.

– Eg skulle ønske det ikkje var meg, seier Rosseli Olsen.

Rosseli Olsen

FØR SMELLET: Frölunda-spelar Mats Rosseli Olsen jublar for scoring i ein av kvartfinalekampane mot Färjestad. Dette var ein av hans siste oppturar på hockeyisen.

Foto: BILDBYRÅN

– Føler meg som ein annan person

Det skjedde då han var på full fart mot semifinale i det svenske sluttspelet i fjor.

I hans 635. kamp for Göteborg-klubben Frölunda blei han takla av ein Färjestad-spelar og mista balansen.

Dette er ein ganske vanleg hockeysmell, fortel 33-åringen, som spelte vidare i kvartfinalekampen fordi han ikkje følte at det var spesielt ille.

– Eg burde ikkje gjort det, men det er vanskeleg å vite der og då. Ein speler aldri ein kamp utan at ein har vondt ein stad, seier Rosseli Olsen om livet i kontaktsporten ishockey.

Ingen visste då at dette var starten på eit langvarig mareritt.

– Då eg kom heim så blei det berre verre. Eg hadde vondt og orka ikkje anna enn å ha auga igjen og vere i eit mørkt rom, seier Rosseli Olsen.

Slik var livet i tre månader. For å få avveksling frå dei lange timane på soverommet, låg han på sofaen med solbriller på og høyrte lyden frå TV-en der det svenske hockeysluttspelet stod på.

Der skulle Rosseli Olsen spelt, men i staden måtte han ta dag for dag og jobbe seg tilbake.

Over eitt år seinare er han langt unna å leve sitt gamle liv som utøvar.

– Eg føler meg litt som ein annan person, seier Rosseli Olsen.

Rosseli Olsen

SOFATID: Mats Rosseli Olsen har mange timar på sofaen i skadeperioden. Her speler han TV-spel saman med Levi, som er sonen til kjærasten.

Foto: Privat

Komplisert

Olympiatoppen følger opp Rosseli Olsen, men vil ikkje seie noko om skaden hans eller korleis dei følger opp utøvarar med hjerneristing.

Men ekspertar NRK har vore i kontakt med påpeiker at dette er ei vanskeleg skade å både få og ha samanlikna med mange andre skader.

– Hjernen er meir kompleks. Det er ikkje som å få korsbandskade, der ein ser at det hovnar opp med ein gang, seier John Andreas Bjørneboe, som er forskar ved Institutt for idrettsmedisinske fag.

John Bjørneboe

FORSKAR PÅ SKADER: John Andreas Bjørneboe er forskar ved Institutt for idrettsmedisinske fag og lege ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Oslo universitetssjukehus.

Foto: Senter for idrettsskadeforskning

Utøvarar med hjerneristing kan også ha forskjellige symptom, noko som gjør kvar situasjon ulik og usikker.

– Enkelte blir svimle, andre blir slitne, nokre har konsentrasjonsproblem eller slit med synet, seier Bjørneboe.

Jaktar Pokémon som trening

– Klarte du å finne den?

Rosseli Olsen går rundt i ein park i Elverum, ikkje langt frå huset der kjærasten Kristine bur.

Her utfører toppidrettsutøvaren den einaste treninga han klarer om dagen.

Den består i å jakte Pokémon gjennom det populære mobilspelet Pokémon Go.

– Skal vi gå over her?, spør Rosseli Olsen til treningskameraten.

Makkeren hans på Pokémon-jakt er åtte år gamle Levi. Han er sonen til kjærasten Kristine.

Pokemon Go

PÅ TRENING: Dette er treningar Mats Rosseli Olsen orkar å gjennomføre: Jakte Pokémon saman med Levi på åtte år.

Foto: Privat

– Eg har jo vore mykje aleine med hjerneristinga. Dette er jo sosialt. Her er eg meir aktiv enn når eg speler på sofaen, seier Rosseli Olsen.

Midt i den store, sportslege nedturen blei han saman med Kristine Rønning Wiik. No har han brukt skadeperioden saman med henne og barna hennar, Levi (8) og Neo (4).

Han er klar på at kvardagen ikkje hadde vore det same utan dei.

– Det hadde heilt sikkert vore litt vanskelegare å få tida til å gå. No har den gått av seg sjølv fordi eg kan tenke på andre ting. Og tenke på fleire enn meg sjølv, seier Rosseli Olsen.

Roseli Olsen

PAR: Mats Rosseli Olsen og Kristine Rønning Wiik.

Foto: Privat

Håpet

Kristine Rønning Wiik meiner ho ser positiv utvikling hos Rosseli Olsen.

– Det blir jo betre, synst eg i alle fall, seier Rønning Wiik før det blir stille.

– Eller så er du berre flink til å skjule det, legg ho til.

– Er du det?

– Eg trur det, seier Rosseli Olsen.

Han avslører at han også ofrar ein del for å leve eit normalt liv med kjærasten og barna hennar.

– Eg kan vere på tivoli i ein time og vere dritsliten i to dagar etterpå, seier Rosseli Olsen.

Det er slike dagar som gjør han bekymra for at hockeylivet kan vere over.

– Hadde nokon sagt at dette tar tre år, så hadde eg på ein måte hatt ein slutt. Men no byrjar eg å bli uroleg, seier Rosseli Olsen, som no står utan klubb for første gang i karrieren.

Likevel nektar han å gje opp håpet om å spele igjen.

– Eg føler eg er i ein bra alder. Det er tungt å skulle gje seg når eg føler eg framleis er på eit høgt nivå. Som idrettsutøvar har ein konkurranseinstinkt. Ein skal bli frisk og komme tilbake, seier Rosseli Olsen.

Rosseli Olsen

UT AV SOFAEN: Mats Rosseli Olsen har ikkje gitt opp håpet om å komme seg ut av sofaen og tilbake på hockeyarenaen. Her saman med Neo og Levi, som er barna til kjærasten Kristine.

Publisert 18.05.2024, kl. 19.54

Read Entire Article