Lærarstudenten Mariah Bøe (26) har slite med søvnen sidan ho gjekk på vidaregåande og er bekymra for at det kanskje aldri kjem til å bli betre.
For å få sove tek ho melatonin kvar kveld.
Likevel er det fleire netter der sovemedisinen ikkje hjelper.
Søvnproblema starta då Bøe gjekk på vidaregåande.
10 år seinare slit ho framleis med å få sove om natta.
– Det er slitsamt å aldri vakne opp utkvilt, seier 26-åringen som om eit år er ferdig utdanna lærar.
Større sjanse for søvnvanskar
Kvinner søv i gjennomsnitt 11 til 20 minutt lenger enn menn per natt. Men fleire kvinner søv likevel dårlegare enn menn, ifølgje dei aller fleste studium om søvn, seier professor Ståle Pallesen.
Kvinner har nesten dobbelt så stor sjanse for å oppleve søvnvanskar, som insomni, viser ei undersøking frå Sleep Foundation.
Og kvinner seier sjeldnare ifrå om søvnproblem enn menn, derfor er det fleire som ikkje får diagnose.
Insomni er den vanlegaste forma for søvnvanskar.
Symptom på insomni
Her er nokre av symptoma ein kan oppleve ved søvnløyse.
Problem med søvn
At ein har store problem med å sovne på kvelden, sjølv om ein legg seg tidleg.
Vaknar opp
At ein har problem med å sove gjennom heile natta utan å vakne opp fleire gonger.
Vaknar tidleg
At ein opplev uønskt tidleg oppvakning om morgonen og gjennom natta.
Ikkje vil legge seg
At ein har vanskeleg for å leggje seg til å sove på kvelden.
Dårlegare kvalitet på søvnen
– I dei aller fleste studium viser det at kvinner søv litt meir enn menn, men ikkje veldig mykje. Kvinner søv dårlegare, men det er små skilnadar.
Ståle Pallesen
Professor i samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen
Forsking viser at sjølv om kvinner brukar meir tid i djup søvn enn menn og sovnar fortare, så har dei dårlegare kvalitet på søvnen.
Men, kvifor søv kvinner dårlegare?
Det er det fleire grunnar til ifølgje Pallesen.
Fride Audunsdotter Westvik / NRK
Kvifor søv kvinner dårlegare?
Det finst fleire årsaker.
Større ansvar
Ei av dei er at kvinner viser å ofte ha større ansvar når det kjem til omsorg for andre og står opp om natta, og det påverkar søvnkvaliteten.
Psykiske plager
Kvinner har også større tendens til depresjon, angst og bekymringar.
1 av 3 har insomni
– Eg opplev at eg ikkje er åleine om å ha problem med søvnen, seier Bøe.
Og det har ho rett i.
Om lag ein tredjedel av unge vaksne kvinner har søvnløyse.
Det aukar risikoen for utvikling av fysiske og psykiske helseplager, fråfall frå arbeidslivet og ulukker ifølgje Folkehelseinstituttet.
Folkehelserapporten frå FHI 2023 viser at 20 prosent av vaksne har insomni.
Talet er endå høgare blant unge vaksne, kvinner og eldre.
Insomni har i Noreg auka sidan 2000 og 1 av 4 norske ungdommar har søvnløyse, der dei fleste er jenter.
Har gode periodar
26-åringen har prøvd å finne løysinga på søvnproblema i fleire år.
– Legen har sagt at eg må halde meg aktiv og vere mindre på skjerm. Eg har prøvd alt, men ligg framleis ofte vaken om natta, seier Bøe.
Men nokre periodar er gode.
– Det er sjølvsagt netter der eg får sove, men eg er bekymra for at eg aldri heilt vil bli kvitt søvnvanskane mine, seier Bøe.
Publisert 27.04.2024, kl. 07.38