– Det osar 70-talet her. Det er slite, og det er ikkje så innbydande å dusja her, seier Vegard Aslaksen.
Han er ein av mange som har lært seg å symja i det 50 år gamle bassenget på øya Tysnes, sør i Vestland.
No er han symjeskuleansvarleg i kommunen, og meiner det hastar å få nytt basseng. Seinast i fjor haust måtte bassenget stenga i eit halvt år på grunn av skadar.
Tilbyr pengar, men vil bestemma plassering
Nytt basseng står øvst på prioriteringslista, ifølgje ordførar Synnøve Bakke (Ap).
Men det vil kosta, og kommunen med knappe 3000 innbyggarar, er avhengig av bidrag utanfrå.
Ifølgje ein rapport vil prislappen vera rundt 150 millionar kroner.
Lakseoppdrettar Gerhard Meidell Alsaker har kome med eit forlokkande tilbod. Han vil bidra med 40 millionar kroner, men på fleire vilkår:
- Symjehallen skal ligga i tilknyting til skulen i heimbygda Onarheim.
- Det blir det nye hovudbassenget for skule, barnehage og ålmenta.
- Politikarane må vedta lokaliseringa innan utgangen av 2024.
– Tilbodet er positivt, men vilkåra er utfordrande, meiner Arne Leite, kommunestyrerepresentant og leiar i Tysnes Senterparti.
– Her vil ein bruka pengar til å skaffa seg innverknad og makt ved dei prosessane som kommunestyret har suverenitet i. No blir det utfordra fordi ein blir freista til å følgja ein rik institusjon eller selskap til å gjera som dei ønskjer for å få dette til. Det meiner eg er feil.
– Er det ein reell fare for at det blir utslagsgivande?
– Eg trur det er ein risiko for at ein del politikarar let seg påverka av det.
Berebjelken i bygda
Det bur langt færre i Onarheim enn i tettstaden Våge, som ligg vel 20 minutt køyring unna på smale og kronglete vegar. Det er 300 elevar i Tysnes-skulen. 40 av dei går på Onarheim skule.
«Vanlege» bygder på den størrelsen klarer knapt å få ein liten nærbutikk til å gå rundt, men Onarheim har laksemilliardæren Gerhard Meidell Alsaker. Ein av dei rikaste i landet.
Her har han blant anna bygd kjøpesenter, bustader, treningssenter og turløype.
– Me meiner plassering på Onarheim gir den raskaste realiseringa av ny symjehall i kommunen, seier samfunnskontakt Kristian Råsberg i Alsaker Fjordbruk.
Han viser til at tomta er kommunalt eigd, og at bassenget kan byggast i samsvar med allereie godkjent reguleringsplan for området.
Gerhard Meidell Alsaker sjølv har ikkje svart NRK på førespurnad om intervju.
Trond Mohn: – Har aldri lagt politiske føringar
At velståande personar gir pengar til idrett, kultur og forsking, finst det mange døme på.
Forretningsmannen og milliardæren Trond Mohn i Bergen har sidan 1990-talet gitt over 5 milliardar kroner i gåver, viser ei oppsummering Kapital gjorde i 2021.
Han seier han aldri har lagt politiske føringar til gåvene.
– Grunnen er at forpliktingane for mottakaren blir større utan føringar, forklarar Mohn.
– Du ville ikkje ha lagt slike føringar?
– Nei, det ville eg ikkje. Men eg synest me skal helsa velkomen alle som vil og kan gi.
– Problematisk å takka ja til gåva
Bassengsaka på Tysnes utfordrar demokratiske prosessar, ifølgje Tor Dølvik, som er spesialrådgivar i Transparency International Noreg, og som har sete i etikkutvalet i KS.
– I ytste konsekvens så er risikoen at dei som har ressursar, kan få høve til å kjøpa seg innverknad over lokaldemokratiske avgjerder. Det ser dårleg ut i eit demokratisk perspektiv.
– Gåver kan skapa bindingar som påverkar kommunestyrets innstilling til framtidige saker som gjeld givaren, seier Dølvik, som har lese tilbodet og vilkåra frå Meidell AS.
Han understrekar at det er positivt at private givarar ønskjer å gi økonomiske bidrag til investeringar i ny symjehall. Men etterlyser klarare retningslinjer i kommunane.
Ordføraren vil vurdera pengegåva
Ordførar Synnøve Bakke (Ap) vil ikkje meina noko om plassering og om ein skal ta imot gåva før rådmannen kjem med si innstilling.
– Eg synest det er eit veldig raust tilbod. Basseng skal me ha uansett, og no skal me finna ut kor det bør ligga. Då ser me blant anna på tomt, tidsbruk og drift.
– Pengegåva er også noko me skal vurdera, men lokaliseringa er ikkje berre avhengig av den gåva.
– Kva etiske utfordringar gir tilbodet dykk som kommunepolitikarar?
– Viss folk mistenker at det kan påverka ein politisk prosess, så er det klart at det er alvorleg. Prosessen må difor gjerast så open og gjennomsiktig som mogleg, seier Bakke.
Symjeskuleansvarleg Vegard Aslaksen meiner det er mest naturleg at symjehallen ligg nær idrettshallen i Våge, men at det er fleire omsyn å ta.
– Tilbodet om pengar er vesentleg. Kommunen er liten og har fleire andre store investeringar. Eg meiner at ein kan godta vilkår når dei vilkåra inneber ei plassering tett på ein av skulane og det er eit gjennomtenkt prosjekt.
NRK gjer merksam på at Tysnes-ordførar Synnøve Bakke fram til 2020 jobba som journalist i NRK Brennpunkt.
Publisert 28.04.2024, kl. 08.48