Om du har vore student, hugsar du heilt sikkert følelsen når du forstod at du skulle skilje lag med alle studievenane dine.
Ein fase av livet var over, og alle skulle begynne på nytt på nye stader.
Men må ein eigentleg det?
Ikkje om du spør Jenny (24), Emilie (25) og Guro (25). Dei søkte seg til same skule etter lærarutdanninga.
No flyttar alle tre til vesle Myre i Vesterålen i Nordland for å bli lærarar.
Slik er dei del av ein trend som utset vaksenlivet, for å vere ungdom litt til.
Vener frå første dag
Dei tre venninnene Guro, Emilie og Jenny møttest første dagen i fadderveka og har vore vener sidan.
Men då studiekameratane begynte å tenkje på kva dei skulle gjere etter at mastergraden var levert, slo det dei at ein epoke i livet kanskje var forbi.
– Det er litt vemodig å vere ferdig med den delen av livet, seier Øvsthus.
Dei sat på eit grupperom på universitetet og såg på stader som søkte lærarar.
Plutseleg slo det dei at dei kunne søke på same skule.
Alle tre søkte, alle kom inn på intervju, og alle fekk jobben.
– Ein trygg overgang til vaksenlivet
Og nett at dei begynner saman, og kan bu i kollektiv litt til, gjer overgangen til det nye og ukjende vaksenlivet mjukare, meiner venninnene.
– Eg syntest det var trist at studietida var over, men no får vi på eit vis halde på han litt lenger. Overgangen blir ikkje så brå, seier Emilie Hovseth Hansen.
Den siste av dei tre venninnene, Jenny Ringnes Gjelten, seier at ho ikkje har høyrt om andre som gjer det same som dei. Nemleg å flytte saman til ein stad som ingen har tilknyting til.
– Eg trur mange studievener er sjalu på oss, seier ho.
– Alt blir nytt, men vi blir saman om det. Det er ein tryggleik i det, seier Øvsthus.
– Det følast litt som ei trygg overgang ut i vaksenlivet, legg venninna Hansen til.
«Kidulting» er ein trend
Psykolog Peder Kjøs trur det er ein god idé.
For mange er nemleg nettopp overgangen mellom studietida og arbeidslivet ein kneik.
– Det er ein utviklingsutfordring, slik det er ein del av mellom alle stadene i livet, seier han.
– Det er ein trend at unge vaksne ventar med vaksenlivet, seier Kjøs.
I internasjonale medium har det faktisk fått eit eiget ord: «kidulting».
Det omfattar yngre vaksne opp til rundt 45 år som enno ikkje har slått seg til ro med partnar, barn, hus og bil.
– Det er ingenting som held oss tilbake i denne fasen av livet. No drar vi på vårt eiget eventyr, seier Guro Øvsthus.
Tal frå FHi og SSB viser at unge i snitt 30,2 år før de får sitt første barn. Det har auka jamnt i 14 år. I 2014 var gjennomsnittsalderen 28,7. I år er faktisk første gong det ikkje auker.
– Eg tviler sterkt på at alderen ein etablerar seg på kjem til å gå ned noko særleg, seier Kjøs.
– Kvifor prøvar vi å utsette vaksenlivet?
– Noko av grunnen til det er at vi har råd til det. Ein treng ikkje vere produktiv så tidleg.
Psykologen meiner det er både positivt og negativt. På den eine sida får ein betre tid til å finne ut kva ein vil i livet.
– På den andre sida er det ein ulempe er at det tar lengre tid å kome i gang med livet og at kvar enkelt må får eit stort ansvar for eiget liv ganske tidleg, seier Kjøs.
Personar i alderen 16 til 29 som bur åleine har auka med 60 prosent sidan 2005, ifølge SSB. 38 prosent av norske menn mellom 20 og 24 år bur med foreldrene, mens dette gjeld 25 prosent av kvinner i same aldersgruppe.
På 20 år har også antallet personer under 30 år som oppgir å vere singel auka med nesten 20 prosent.
- Overgangar kan òg gjere unge menneske einsame. Det gjeld òg når ein er på veg inn i studielivet.
Størst lærarmangel i landet
Lokalsamfunnet på Myre er overlykkelege over at dei tre venninnene vel å gjere overgangen til vaksenlivet mjukare med å flytte saman til kommunen.
Landsdelen manglar nemleg svært mange lærarar.
Roald Berit / NTB scanpix
Kor stor er lærarmangelen i Noreg?
– Lærarmangel er det i mange land. Her har den lenge vore mest alvorleg i Nord-Noreg, seier Geir Røsvoll, leiar i Utdanningsforbundet.
Nasjonalt manglar det ifølge SSB rundt 17 000 lærarårsverk med lærarutdanning. Det vil seie at nesten 1 av 5 lærarar ikkje er utdanna lærarar.
Matilde Mørk
Kvifor er det lærarkrise?
Årsakene til lærarkrisa er mange. Søkartala til lærarutdanningane har gått ned.
For det andre er det mange lærarar som har forlate yrket fordi dårlege rammar gjere at dei ikkje får gjort ein god nok jobb med elevane, ifølge Røsvoll.
Torstein Brechan
Kva betyr det for skulane?
Ifølge Røsvoll i Utdanningsforbudnet må mange skular i Nord-Noreg tilsette folk utan lærarutdanning.
– Dermed får ikkje elevane det tilbodet dei skal ha, seier han.
Gorm Kallestad NTB
Kva blir gjort med det?
I tillegg har yrket hatt dårlegare lønnsutvikling enn andre yrkesgrupper med like lang utdanning.
Regjeringa, kommunane og lærarorganisasjonane har no laga ein felles nasjonal rekrutteringsstrategi som dei håper vil gi effekt.
Lise Forfang Hagen
– Ein strålande idé
Difor Røsvoll i Utdanningsforbundet det er ein strålande idé at dei tre venninnene flyttar nordover.
– Eg oppfordrar alle nyutdanna om å gjere noko sånn. Mindre kommunar har ofte mindre skular, færre elevar og små klasser.
Det trur han gjer det lettare å bli inkludert i eit lærarfellesskap og få støtte i å meistre jobben.
– Vi veit at søkartala går ned. Det blir vanskelegare og vanskelegare å rekruttere, fortel Rektor ved Myre skule, Hans André Hansen.
– Dei har ein kompetanse vi skrik etter.
Men sjølv om overgangen blir mjukare, blir det likevel ein overgang.
– Det er ein stor overgang å bu i Oslo og kome til ein distriktskommune i Nord-Noreg. Her møter du elevane og foreldra eigentleg over alt. Det er ein veldig synleg jobb. Mest på godt.
Skal bu saman
Dei tre venninnene skal ikkje berre jobbe saman. Planen er også å bu saman. Det har dei fortalt lokalbefolkninga på sosiale medium.
– Innlegget har blitt delt veldig mange gongar. Og folk tar også kontakt og kjem med tips og ønsker oss velkommen, fortel Gjelten.
Sjølv om dei aldri har budd saman før, er ikkje Hansen uroa for at det blir for tett å både jobbe og bu saman.
– Eg tenkjer berre det er ein fordel at vi kan hjelpe kvarandre. Vi kjenner kvarandre godt og er gode til å lese kvarandre.
Publisert 02.05.2024, kl. 21.26