Kan gå tom for lodd – no krev lotteriet regjeringa på bana

2 months ago 44


Organisasjonane som no vil samarbeide om Postkodelotteriet, meiner at regjeringa snarast må oppheve grensa for kor mykje lotteriet kan ta inn.

Både Pantelotteriet og Postkodelotteriet ligg an til å nå omsetningstaket på 360 millionar i år.

Om dei ikkje får utvida inntektsramma kan begge lotteria bli sett på vent i løpet av hausten.

– Lotteria er i ferd med å bli utselde og ei viktig inntektskjelde blir avgrensa. Dette må politikarane gjere noko med, skriv dei i eit brev til regjeringa.

– Enorme behov

Krig, klimaendringar og naturkatastrofar gjer at frivillige organisasjonar i Noreg vil auke summen dei kan tene på lodd du kjøper.

I alt 23 norske organisasjonar står no bak ein felles søknad om å få overta det såkalla Postkodelotteriet frå 2026.

I dag er det slik at lotteriet kan ha inntekter på 360 millionar kroner årleg. Det meiner dei humanitære organisasjonane er for lite.

– Dei humanitære behova er jo heilt enorme, seier Hege Lilleheil Horsberg i Norsk Folkehjelp.

– Skal vere trygt

Blant dei 23 organisasjonane som står bak kravet er Leger utan grenser, Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp og Caritas.

– Det er eit rekordhøgt tal krigar, væpna konfliktar, klimaendringar, naturkatastrofar som gjer til at det er eit større behov for arbeidet vårt, rett og slett, seier Horsberg i Norsk Folkehjelp.

Ein av dei viktigaste argumenta frå dei store lotteria er også at dei skapar lite eller ingen spelavhengigheit.

– Det er jo slik at når du kjøper lodd i postkodelotteriet, så må du jo vente ei tid før vinnaren blir kåra. Og det å vere eit trygt spel, det er ein føresetnad for oss i Norsk Folkehjelp, seier Horsberg.

Departementet skal vurdere

Statssekretær i Kulturdepartementet, Erlend Hanstveit, skriv i ei melding til NRK at han forstår at organisasjonane vil auke ramma for kor mykje dei kan tene på lotteri.

– Dette er viktige pengar for dei. No jobbar vi med eit forslag om å auka grensa, og dette skal etter kvart sendast på høyring, skriv Hanstveit.

Dette vart varsla i samband med den nye pengespelforskrifta, opplyser departementet.

– Minst mogleg til administrasjon

Det er i dag ei rekke aktørar som driv innsamling på ulike måtar til humanitære saker i Noreg.

Ein av desse aktørane er «Gi gaven videre».

Mannen bak dette er førsteamanuensis ved Norges Handelshøgskule i Bergen, Aksel Mjøs.

Han meiner at dei nasjonale lotteria burde ha ein driftsmodell der minst mogleg går til administrasjon og mest mogleg til gode formål og gevinstar.

Særleg om regjeringa no aukar summen for kor mykje kvart lotteri kan tene.

Det er gode argument for at når beløpet aukar skal ein stadig mindre del gå til drift og meir til det gode føremålet, meiner Mjøs.

Han meiner også at den løysinga dei har utvikla med gåvekort er betre fordi folk der sjølve kan velge kva god sak dei vil at inntektene skal gå til.

Publisert 30.08.2024, kl. 20.10

Read Entire Article