Internettrøbbel hos politiet

5 months ago 36


Fleire i politiet NRK har snakka med torsdag seier det er store problem med nettet og systema deira.

Kommunikasjonsrådgivar i Politidirektoratet Roar Hansen bekreftar at dei har tekniske problem.

– Det er nokre utfordringar i systemet, men vi kan ikkje seie noko meir om det akkurat no.

Han seier det er for tidleg å seie kva del av politiet sine system det gjeld.

– Men det er viktig å seie at ein kan kome i kontakt med politiet via telefon, legg han til.

Publisert 25.04.2024, kl. 09.33

Read Entire Article