Ingebrigtsen krystallklar – vil «aldri» gjere som OL-vinnaren

2 months ago 32


– Eg skal aldri gjere alternativ trening med mindre eg er absolutt nøydd til det!

Jakob Ingebrigtsen var krystallklar i talen då NRK spurde om det var aktuelt å halde fram med annan type trening enn springing etter verdsrekorden på 3000 meter i Polen sist helg.

For då han var skadd i vinter, måtte han ty til svømmebassenget og såkalla aquajog, og dessutan intervall på ellipsemaskin.

No er det er umogleg å sjå at han gjekk nesten fem månader utan å springe.

23-åringen sprang vel å merke snautt to sekund dårlegare på éi engelsk mil (1609 meter) i mai enn han gjorde i september, men det var i ein tøff treningsperiode.

Han vil likevel ikkje gjere meir av den alternative treninga enn nødvendig, sjølv om det er vist at ein kan trene hjartet vel så effektivt slik.

– Å vere på trening og få øve kvar dag. Det er det som gjer at ein blir flink i ting, seier Ingebrigtsen, som siktar til springing.

Vesentlege forskjellar

Kor mykje skadeavbrekket hindra progresjonen hans vil vi aldri få svar på, men i enkelte miljø er det heilt vanleg å gjere annan type trening som ein del av opplegget. Òg når ein ikkje er skadd.

OL-gullvinnar på 1500 meter, Cole Hocker, er ein av dei som gjer det.

Den amerikanske 23-åringen fortel NRK at han spring vesentleg mindre enn Ingebrigtsens rundt 180 kilometer i veka. Dei resterande øktene gjer han enten på ellipsemaskin eller i svømmebassenget.

– Eg spring rundt 100 til 110 kilometer i veka, og gjer mykje alternativ trening.

På den måten reduserer han skaderisiko.

Har ikkje nådd taket

Ingebrigtsen er likevel heilt tru mot filosofien sin, som har ført til to OL-gull, tre VM-gull, tre verdsrekordar og ein heil del anna sølvtøy. Han trur heller ikkje taket er nådd for kor god han kan bli.

– Det er sjølvsagt motiverande å gå inn i ein vinter og vite at det framleis er ein del å gå på.

– Det er jo det filosofien vår har vore litt revolusjonerande med. Viss ein gjer ting som er berekraftig og senkar skuldrene litt, ikkje stressar med treningsarbeidet, så ser vi at viss ein gjer det så godt ein kan og kanskje finjusterer litt, så kan ein ha ein progresjon i ganske lang tid, meiner Ingebrigtsen.

PS! Jakob Ingebrigtsen er påmeld 1500 meter i Zürich torsdag. Der møter han Hocker, Josh Kerr, Yared Nuguse og Narve Gilje Nordås. I tillegg spring Karsten Warholm 400 meter hekk, Henriette Jæger 400 meter og Håvard Bentdal Ingvaldsen 400 meter. Markus Rooth hoppar lengde, mens Karoline Bjerkeli Grøvdal avsluttar banesesongen med 5000 meter. I tillegg stiller Noreg lag på den avsluttande øvinga, 4x100 meter stafett for kvinner.

Publisert 03.09.2024, kl. 06.48

Read Entire Article